Hopp til innhold

Honndøler frykter veg blir kuppa

Ordføraren i Hornindal fryktar at opprustinga av fylkesveg 60 skal bli kuppa.

Edvin Haugen

FRYKTAR VEGEN RAMLAR NED PÅ LISTA: Ordføraren i Hornindal, Edvin Haugen, er uroa for vegen frå Hornindal til Møre grense.

Foto: Trond Mehlum / Hornindal kommune

Vegen mellom Hornindal og Stranda er neste på lista over vegar som skal rustast opp etter Olden-Innvik. Men både Venstre, FrP og Ap varslar dei vil endre prioriteringslista etter valet.

– Eg blir rimeleg oppgitt over at det no blir snakk om å endre på dei prioriteringane som er gjort. Eg føler spesielt Arbeidarpartiet held oss for narr, seier ordførar Edvin Haugen.

Medan forkjemparane for 45-minuttsregionen mellom Måløy og Florø fossar framover, og partia kjempar om å love mest, blir ordføraren i Hornindal meir og meir uroa.

Viktig veg for kommunen

Fylkesveg 60 mellom Hornindal og Møre grense er neste på prioriteringslista over fylkesvegar som skal rustast opp etter Olden-Innvik. No fryktar Haugen den skal bli skubba nedover.

– Dette er ein veg som er utruleg viktig for næringslivet og turistnæringa. Vi har Ekornes, Stabburet og oljetransport som går her dagleg. Ikkje minst i sommarhalvåret er det mange turistbussar som går i skytteltrafikk.

Vil ikkje love noko

Åshild Kjelsnes

LOVAR INGENTING: Åshild Kjelsnes frå Ap vil ikkje forskottere noko.

Foto: NRK

Både FrP, Ap og Venstre vil endre på prioriteringane. Ap sin fylkesordførarkandidat Åshild Kjelsnes vil ikkje gi konkrete løfter om opprusting av vegen i Hornindal.

– Prioriteringane ligg i dag fast, men eg kan ikkje forskottere ei rullering som skal skje om to år, seier ho.

– Då er det kanskje ikkje så rart at Haugen blir uroa?

– Det er vel naturleg for ein ordførar å vere uroleg for sine prosjekt, seier Kjelsnes.

På 4. plass på FrP-lista

Frank Willy Djuvik (Frp)

IKKJE VIKTIG NOK: Frank Willy Djuvik frå FrP meiner tre andre vegar er viktigare.

Foto: Oddleif Løset/NRK

Men FrP sin fylkesordførarkandidat Frank Willy Djuvk er derimot klar. FrP skal bygge andre vegar før Hornindal-Møre grense, fordi den vegen ikkje er viktig nok.

– Vi ønskjer å ha Olden–Innvik på første plass, 45 minuttsregionen på andre plass og på tredje plass den fylkeskommunale delen av Førde-pakken. På fjerdeplass vil vi ha Hornindal–Møre grense. Vi må prioritere vegar ut frå kva vi har størst nytte av, seier han.