Hopp til innhold

Holmberg måtte gje seg

Henrik Holmberg frå Vik måtte i dag kaste inn handkledet under eit eliteseriestemnet Multistar i Firenze. Mangekjemparen starta godt med 11.35 på 100 meter og vann heatet sitt. – Under andre øving, lengde, kjende eg det nappa i låret, og då visste eg at eg måtte gje meg for ikkje å gjere det til ein stor skade, seier han til NRK. Han har ikkje gjeve opp håpet om å kvalifisere seg til EM seinare i år. – No skal eg ta meg litt fri og få behandling, så er eg klar for nye konkurransar.

Henrik Holmberg
Foto: privat