Hopp til innhold

Høgre fossar fram i Sogn og Fjordane - kraftig auke i ny meiningsmåling

Høgre er no det største partiet i Sogn og Fjordane med nær 30 prosent oppslutnad. Det syner ei meiningsmåling utført for tre lokalaviser.

Bjørn Lødemel

ALL GRUNN TIL Å GLISE: Bjørn Lødemel er Høgre sin førstekandidat i Sogn og Fjordane.

Foto: Jostein Nyfløtt / NRK

Avisene Firda, Sogn Avis og Firdaposten presenterer i dag ei meiningsmåling som syner at 29 prosent av dei spurde ville røysta Høgre om det var stortingsval i dag. Høgre er dermed det største partiet i fylket, med ein vekst på 6,8 prosentpoeng frå førre måling.

– Eg er fullstendig klar over at det er nokre månader att til valet, men dette er veldig inspirerande for alle. Og det er jo klart at to Bjørnár på tinget hadde jo vore heilt kanon, så det er klart at vi kjem til å leggje oss i selen maksimalt for å få best mogleg utteljing, seier stortingsrepresentant og Høgre sin toppkandidat, Bjørn Lødemel til NRK.

Dei to bjørnane han omtalar er i tillegg til seg sjølv også Bjørn Hollevik frå Florø som har 2. plassen på Høgre si stortingsliste.

Glad for jamn stigning

– Vi tek no ikkje heilt av uansett, men at vi har gått fram over 16 prosent sidan valet i 2009. Det som er ekstra gledeleg er at vi har hatt ein jamn stigning heile tida. Dette er utruleg gledeleg for Høgre i Sogn og Fjordane, seier Lødemel.

29 prosent er ein vekst på heile 16,9 prosent i høve stortingsvalet i 2009. Senterpartiet ser ut for å liggje stabilt i målinga med 17,5 prosent, men det er like fullt ein tilbakegang på 7,7 prosentpoeng i høve 2009.

Ville fått førstemandat

– Det er heilt klart ikkje bra at vi ligg sopass mykje bak valresultatet i 2009, som målinga i dag syner, seier fylkesleiar i Senterpartiet, Karen Marie Hjelmeseter til Sogn Avis.

Målinga syner at Bjørn Lødemel (H) ville fått førstemandatet frå Sogn og Fjordane, Ingrid Heggø (Ap) og Liv Signe Navarsete (Sp) ville fått dei to andre direktemandata. Venstre sin toppkandidat Sveinung Rotevatn ligg an til å ta utjamningsmandatet.

Slik er tala:

  • Ap 22,3 (-4,3)
  • Frp 11,7 (-2,4)
  • KrF 7,0 (0,1)
  • Raudt 1,8 (0,7)
  • Sp 17,5 (-0,3)
  • SV 4,4 (-1,1)
  • V 4,9 (0,5)
  • MDG 0,6 (-0,6)
  • Andre 0,8 (0,5)