Hopp til innhold

Har fått tilbod om å byte fela frå 1861 mot gard

Gro Marie Svidal er best på hardingfele. Det viste ho under Landskappleiken på Geilo i helga. Og fela ho brukte – den er det mange som kunne tenkje seg.

Gro Marie Svidal

BEST PÅ FELE: Gro Marie Svidal er best på hardingfele.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Denne brukte eg på kappleiken, og den er eg veldig glad i. Den har eg arva etter ein som heitte Alf Åsnes, fortel Gro Marie Svidal frå Jølster. Som i helga tok sigeren i hardingfele klasse A under Landskappleiken.

Då ho var 16 år ringde ein slektning av Åsnes som hadde høyrt Gro Marie spele på radioen og fortalde at han hadde ei fele etter Alf Åsnes som han vill at Gro Marie skulle ha.

Å eige denne fela har resultert i at ho kan bytte den inn i langt meir enn ei ku om ho ville.

– Det er verdas beste fele. Andre spelemenn har hatt lyst til å selje garden sin til meg for å få denne her, ler Svidal som framleis vil ha fela sjølv.

Då ho besøkte Ettermiddagssendinga til NRK Sogn og Fjordane hadde ho sjølvsagt med seg fela og spelte litt.

HØYR GRO MARIE SVIDAL SIN HALLING HER:

Fela er mørk i fargen og "fint rosa" som Svidal seier. I tillegg er den ganske stor til å vere ei fele frå 1861, då var ikkje hardingfelene så store. Men felemakar Erik Johnsen Helland, som har laga fela, eksperimenterte litt med storleiken på hardingfelene. Så fela som Svidal eig er ein av dei største han har laga.

– Utskjeringa på toppen av fela kan sjå ut som ein drage, eller ein løve i kombinasjon med ein hund. Her er det berre å bruke fantasien, seier Svidal.

Torde ikkje helse på dei beste

Hardingfele

GAMAL: Fela frå 1861 har Gro Marie arva. Mange spelemenn kunne tenkje seg å eige denne.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Svidal er musikar, produsent, komponist og dansar som er oppvaksen i Jølster.

Landskappleiken er Norges eldste festival, og er ein stor hendinga innan folkemusikk og folkedans i Norge. I helga vant Svidal for første gong klasse A i hardingfele i konkurranse mot 13 andre elitemusikarar.

For Svidal har Landskappleiken vore den aller største og aller viktigaste konkurransen.

– Heilt sidan eg var lita har eg sett opp til dei som har vunne kappleiken. Eg har til og med hatt så stor respekt for dei at eg eigentleg ikkje har turt å gå fram å helse på dei og snakke med dei. Så du kan kanskje tenkje deg korleis det kjendest då eg vart ropt opp som vinnar. Berre det å kome på same posisjon som dei eg har sett opp til, det er stort, fortel ho.

Studert musikk i åtte år

For å bli ein så dyktig hardingfelespelar og nå toppen ligg det mange timar arbeid bak.

– Eg har spelt sidan eg var fem år gamal og eg har teke utdanning, både på Ole Bull Akademiet på Voss og på Norge musikkhøgskule i Oslo, fortel ho.

I tillegg har den musikkglade jenta ein master i nettopp musikk, så til saman har ho nærare åtte år med utdanning.

– Då eg studerte spelte eg frykteleg mange timar kvar dag. No i det siste så har eg jobba mykje, så det har ikkje blitt den gode tida til å setje seg ned og verkeleg planleggje alt i minste detalj, men det er klart det blir mange timar likevel, fortel Svidal.

Men dei timane ho har brukt har ho brukt godt for i helga blei det klart at ho er den beste i sitt felt.

– Inspirasjonen har nok vore der, heilt klart. Då det var klart at eg hadde vunne var det berre å kaste seg inn i dei nærmaste armane som var der.

Fødd inn i folkemusikken

Svidal fortel at ho meir eller mindre er fødd inn i folkemusikkmiljøet, noko som gjorde at ho og raskt fekk interesse for folkemusikken.

– Eg hadde foreldre som var veldig aktive då eg var lita. Dei tok med meg på alt ifrå festivalar til kappleikar og andre arrangement der eg fekk oppleve musikken og dansen. Då var det veldig naturleg for meg å begynne med det, seier ho.

Solospelemenn som reiser rundt og held konsertar er det ikkje ein så stor marknad for, så Svidal har teke med seg fela si inn i blant anna teatersalar, og spelt ulike roller der ho brukar hardingfela.

Ho reiser òg mykje rundt med den kulturelle skulesekken med rikskonsertar. I tillegg spelar ho andre typar instrument og held også kurs.

Skal spele i Operaen

Med siger landskappleiken følgjer også eit spesielt oppdrag i sjølvaste Operaen i Oslo.

Den 23. november skal det nemleg vere ein meisterkonsert der vinnarar frå ulike klassar frå både landskappleiken og landsfestivalen skal framføre sine slåttar, songar og dansar.

– Det skal bli kjekt å få oppleve, seier musikaren.

Svidal spelte også nokre tonar frå Håkon Høgemo då ho var i studio. Denne som heiter Gjelsviken spelte ho også under Landskappleiken.

HØYR GRO MARIE SVIDAL SIN SPRINGAR HER: