Hopp til innhold

Her vert havaristen berga etter grunnstøytinga

Lastebåten «Silver Pearl» som grunnstøytte i natt ved Trollebø på austsida av Ulvesundet i Vågsøy vart i 10.30-tida slept av grunna og inn til Måløy.

Lastebåten vert slept til kai

FEKK HJELP: Lastebåten 'Silver Pearl' vart like før klokka 10.30 slept inn til kai i Måløy.

Foto: Inge Skavøypoll

– Hendinga skjedde litt før klokka 04 natt til søndag. Båten var på veg nordover til Ålesund då han gjekk på grunn. Det ser ut til at det er teknisk feil som er årsaka til dette, seier operasjonsleiar ved Vest politidistrikt, Inge Værøy.

Båten skal ikkje ha lekkasjar, og tek dermed ikkje inn vatn. Det er eit mannskap på 13 om bord i båten. Det er ikkje meldt om personskadar.

Skal prøve å dra båten laus

Kystvakta KV «Njord» og Redningsskøyta RS «Simrad Buholmen» vart kalla ut då lastebåten gjekk på grunn i natt.

Slepebåtane «Stadt Årdal» og «BB Supporter» drog havaristen laus i 10-tida og slepte båten til hamn.

– Lastebåten hadde gått godt på, seier skipper på «Stadt Årdal», Eivind Larsen.

Silver Pearl på grunn i Ulvesundet

PÅ GRUNN: Lastebåten 'Silver Pearl' står godt fast på grunna ved Trollebø i Vågsøy.

Foto: Jonas Landøy

Må ha hatt låg fart

– Så vidt vi veit skal båten ha grunnstøytt på grunn av problem med styringa. Kystvakta og Redningsskøyta kom raskt for å hjelpe i natt, men det var aldri dramatisk, seier operasjonsleiar ved Hovudredningssentralen på Sola, Ståle Jamtli.

Båten er inspisert, og ein er trygg på at det ikkje er gått hol i skroget.

– Saka er avslutta frå vår del, no er det berre eit bergingsoppdrag. Sidan det ikkje er snakk om store skadar, må båten ha hatt låg fart då uhellet skjedde, seier Jamtli.

«Silver Pearl» er om lag 95 meter lang og 17 meter brei og registrert på Bahamas. Mannskapet har fleire nasjonalitetar, kapteinen er dansk.

Trollebø