Hopp til innhold

Her var det gruvedrift for 300 år sidan

I over 1500 meters høgde, sommar som vinter, sleit gruvearbeidarar med å vinne ut kopar frå Gruvefjellet i Årdal. Framleis er spora etter gruvedrifta tydelege.

Gruvefjellet i Årdal

300 ÅR GAMAL HISTORIE: På Gruvefjellet, 1520 meter over havet, budde og arbeidde det folk på 1700-talet. Utsynet var det iallfall ikkje noko å seie på.

Foto: Jonny Asperheim

Jonny Asperheim har gått dei fleste stiane i Årdal, og han var med på å merke ruta frå stølen Feninga i Seimsdalen til dei hadde att ein kilometer til toppen av Gruvefjellet.

– Då gjekk vi tomme for raudmåling. Eg har planar om å ta ein tur i haust og fullføre arbeidet. Men dei som går turen kan sjå toppen av Gruvefjellet frå der vi måla det siste merket.

Jonny Asperheim skriv ein serie med artiklar i porten.no om fjellturar i Årdal. På turen til Gruvefjellet tok han bilete av dei framleis svært så tydelege spora etter gruvedrifta som starta i 1704.

Fjellet heitte opphaveleg Grøndalsfjellet, det er gruveaktiviteten på 1700-talet som har ført til namneendringa. For i 1700 fann to bønder frå Årdal på reinsjakt ei koparåre på toppen av fjellet. Dette ryktast, og fire år seinare var gruvedrifta i gang.

Jonny Asperheim

LOKALKJEND: Jonny Asperheim har merka delar av vegen til Gruvefjellet.

Foto: Karin Asperheim

– Barske arbeidstilhøve

Jonny Asperheim har gjort seg nokre tankar om kva arbeidstilhøve dei hadde, dei som skulle vinne ut kopar på ein slik ugjestmild stad.

– Det er restar etter eit heilt gruvesamfunn. Gruvegangar, store steintippar og restar etter bygningar vitnar om aktiviteten som var her for 300 år sidan. Det var heilårsdrift ved gruvene her, og ein kan tenke seg vintersdagen i 1520 meters høgd midt oppe på den høgaste fjelltoppen i området. Det var barske arbeidstilhøve og barskt klima.

Gruvefjellet i Årdal

RESTAR AV TREVERK: På kanten av ei av gruvesjaktene er tjukke bjelkar som har vore frakta mange hundre høgdemeter opp til toppen av Gruvefjellet.

Foto: Jonny Asperheim

Førsteamanuensis Helge Henriksen ved Høgskulen i Sogn og Fjordane er mellom dei som veit mest om kopargruvene i Årdal. Han fortel at i eit manntal frå 1726 kan vi lese at av dei 43 gruvearbeidarane var 28 friske, 10 var utmatta, og fem var skadde.

– Dette var den første industriverksemda i Sogn og Fjordane. Malmen som vart broten ut av fjellet vart vidareforedla i Øvre Årdal, og det ferdige koparmetallet vart selt til kjøpmenn i Bergen. På det meste var det om lag 75 mann på koparverket, til vanleg var det mellom 40 og 50, fortel han.

I tillegg hadde bøndene i indre Sogn plikt til å frakte malm, trekol og ved for koparverket. Til og frå Gruvefjellet var det berre kløving med hest som dugde. Og vegen opp var lang og hard. Gruveinspektør Worm karakteriserte det slik:

«Det er som sjel og legeme skal skielles fra hinanden».

I vinterhalvåret kunne vêrtilhøva vere så dårlege at arbeidarane ikkje greidde å ta seg opp til høgfjellsgruvene, og det hende at arbeidarane måtte grave seg ned i snøen for å berge livet.

Gruvearbeidarane hadde dag- og nattskift med 12 timars arbeidsdag. Dagskiftet starta klokka fire om morgonen og varde til fire om ettermiddagen.

Gruvefjellet i Årdal

BREKKE GRUVE: Ei av gruvene på fjellet har namnet Brekke gruve.

Foto: Jonny Asperheim

Straffarbeid

Mange av dei som arbeidde i gruvene var der på straffarbeid. Her er eitt døme:

«I 1721 vart Ola Hansson frå Grima dømd til ei stor bot og straffarbeid ved Årdal Koparverk fordi han hadde fått barn med kona si Dorte Knutsdotter. Ho var spedalsk, og tok av den grunn livet av barnet. Ho hevda at Ola hadde talt henne til å drepe, men Ola blånekta. Men han vedgjekk farskapet, og for det vart han dømd.»

«Guds gåves gruve»

Kopargruvene i Årdal vart drivne i vel 60 år. Men høgfjellsgruva på Gruvefjellet vart lagd ned fleire år tidlegare. I tillegg til Gruvefjellet var det også gruver i Åsetli i Fardalen og i Blåberg i 420 meters høgde med utsyn ned mot Øvre Årdal og eit par stader langs Årdalsvatnet. I Blåberg var det drift fram til 1765.

På Gruvefjellet var det i alt fem gruver:

  • Gabe Gottes (= Guds gåves) gruve med Gamalmannsskjerp og Mellomskjerpet
  • Kongens gruve
  • Anders Galts skjerp
  • Brekke gruve
  • St. Olavs skjerp
Gruver på Gruvefjellet i Årdal

DJUPE GRUVEHOL: Mange av gruvesjaktene er bortimot intakte.

Foto: Jonny Asperheim

Ein firedel av folketalet

I alt vart det vunne ut kopar på åtte stader i Årdal med til saman 22 gruver/skjerp. Gruvedrifta skapte stor aktivitet i Øvre Årdal, der det voks fram ein liten gruveby. I 1726 utgjorde bergverksbefolkninga 160 personar, medrekna koner og barn. Dette var på den tida ein firedel av det samla folketalet i Årdal. Berre seks av dei vel 40 arbeidarane var frå Årdal.

Eitt av husa frå gruvetida er teke vare på og står ved inngangen til Hydro på Årdalstangen.

Kopargruve i Blåberg i Årdal

BLÅBERGGRUVA: Denne kopargruva ligg på 420 meters høgde over Øvre Årdal.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Aldri overskot

Drifta gav aldri overskot, sjølv om det vart funne både gull og sølv i tillegg til kopar på Gruvefjellet. Helge Henriksen fortel at det samla tapet i perioden 1708-1731 var på 70.000 riksdalar.

Du kan lese meir om Årdal Koparverk i fylkesleksikondelen av Allkunne.

Turen Jonny Asperheim merka tek rundt åtte timar tur-retur (pluss pause) med start på Torli i Seimsdalen. Frå Fardalen er det ein litt kortare tur opp på Gruvefjellet.

Gruvefjellet