Hopp til innhold

Her kunne det gått veldig gale

Tømmeret dundra i vegbana då hengaren tippa. – Dette kunne gått skikkeleg gale, seier brannvesenet.

Tømmervelt tømmer Vik Vangsnes

HEILT LASS: Eit heilt lass hadde falle av, og det kunne blitt svært farleg i turområdet, seier Kåre Egil Skjerven

Foto: Brannvesenet

– Det er ei 60-sone og folk går på tur i området. Dei hadde ikkje vore meir om dei hadde blitt treft, seier Skjerven, som er utrykkingsleiar i brannvesenet i Vik.

Klokka 17.20 i ettermiddag melde politiet om ein tømmerbil der hengaren velta og lasta fall ut på Riksveg 13. Dei melde og at tømmerbilen reiste frå staden, og at brannvesenet skulle rydde opp. Like etterpå melde lovens lange arm at tømmerbilen var tilbake på staden.

– Eit heilt lass hadde falle av. Det meste fall ut til sida langs vegen, og ikkje bakover. Det var temmeleg mykje, seier Skjerven.

Møtte tankbil og kom ut av vegen

Etter uhellet, fortel Skjerven, hadde tømmerbilen fleire turar mellom staden der uhellet skjedde og ein tømmerkai i nærleiken av Feios.

– Han må ha greidd å få hengaren opp att med å bruke løftekrana si. Så køyrde han fram og tilbake to gonger for å hente tømmeret som hadde falle av.

Tømmer velt Vik Vangsnes

RYDDA OPP SJØLV: Tømmerbilen rydda opp etter uhellet, som skjedde då han møtte ein tankbil.

Foto: Brannvesenet

Uhellet skjedde då vegen vart for smal.

– Han møtte ein tankbil, og måtte leggje seg for langt ut i sida. Han hamna i grøfta, og då velta hengaren, seier Skjerven.

Ikkje politimeld

Operasjonsleiar hjå politiet, Trond Hatlenes, stadfestar at uhellet skjedde då to vogntog møttest på eit smalt parti av Riksveg 13, og vegen vart for smal for begge.

– Politipatruljen på staden har snakka med førarane av begge bilar, i tillegg til personen som melde inn til oss, seier Hatlenes.

Politiet har no reist frå staden.

– Vitneopplysningar og forklaringar på staden gjer at saka er avslutta frå politiet si side. Saka har ikkje vorte politimeld, seier Hatlenes.