Hopp til innhold

Her er bruk av hender forbode

Rumpe, bringe, panne, fot og kne. Alt er lov å bruke i den raskt veksande sporten footvolley. I helga møttest eliten i Norge til NM på Nordfjordeid.

Footvolley er ein raskt veksande sport i Norge. Spelet går føre seg på ei sandvolleyballbane, men ein ting er ganske annleis. I footvolley er det nemleg strengt forbudt å bruke hendene.

BLI MED PÅ NM I FOOTVOLLEY: Laurdag vart det arrangert NM i footvolley på Nordfjordeid, her kan du få ein smakebit på korleis det gjekk føre seg. FOTO/REDIGERING: Øystein Torheim.

– Det har vore ein kjempesuksess, jublar Kristoffer Førde Aarskog som er president i Norges Footvolleyforbund.

Hadde perfekte forhold

Footvolley vart oppfunne i Brasil allereie på 1960-talet og har dei siste åra fått meir og meir fotfeste i Europa. Kort fortalt er footvolley ein kombinasjon av sandvolleyball og fotball, men det er ikkje lov å bruke hendene.

Spelet går føre seg på ei sandvolleyballbane, og reglane er mykje dei same som i tradisjonell sandvolleyball. Det viktigaste unntaket er altså at bruk av hender er strengt forbode.

Sidan dei aller fleste sandvolleyballbaner er utandørs, noko som også gjeld for banane på Nordfjordeid, var det naturleg nok knytt spenning til vêret.

Men bestillingane på godvêr hadde tydelegvis gått gjennom for med strålande solskinn og sommartemperaturar rundt 20-talet låg alt til rette for meisterskapen, fortel Førde Aarskog.

– Det har vore heilt fantastisk. Det har regna her i tre veker, men no når vi kom, så kom sola. Det har vore heilt vindstille og fantastisk bra, seier han.

Betre enn fotball?

Kristoffer Førde Aarskog

SUKSESS: Kristoffer Førde Aarskog er president i Norges Footvolleyforbund. Eidaren er godt nøgd med årets NM som gjekk av stabelen på Nordfjordeid laurdag.

Foto: Privat

Sjølv oppdaga eidaren sporten for snart tre år sidan. Like bak huset der han bur i Oslo var det ei bane det var spelt footvolley på, og det gjekk ikkje lang tid før han vart hekta.

– Dette er kjempegøy!

– Du får lov til å leike med ball, ta brasse og alt mogleg rart. Så det er veldig kjekt, seier han og legg lattermild til.

– Og så slepp du å springe så mykje som du må gjere om du speler fotball i sjette, sjuande divisjon, eller kor no enn du spelar, flirer han.

Avdanka fotballspelarar kan ha ein fordel

Og der er han inne på noko. Skal du bli god i footvolley krevst det nemleg ein god porsjon med fotballferdigheiter, men Førde Aarskog meiner det ikkje nødvendigvis er slik at alle fotballspelarar blir gode på dette.

– Dei som har vore litt interesserte i fotball og har god teknikk brukar bli gode, men du må eigentleg vere god i mange forskjellige ting, seier han.

– Det er mange aspekt. Du må ha god teknikk der du kan bruke både føtene, brystkassa og hovudet, og så må du vere god i forsvarsspel og det å bevege deg og samarbeide med partnaren, fortel han vidare.

– Og det er ganske travelt også, sjølv om du ikkje skal springe i 90 minutt, så er det tøft for føtene å springe rundt i sanden i ein kamp som kanskje varar i 45 minutt, seier presidenten.

Håpar å skape blest om sporten

Norges Footvolleyforbund var stifta i 2008, og dei to siste åra har det vore med 34-åringen frå Eid ved roret. Forbundet håpar å få fleire til å få auga opp for sporten, og det ei av forklaringane på at NM vart lagt nettopp til Nordfjordeid.

– Å vere på Nordfjordeid er del av ein strategi, eller ei signingsferd om vi kan kalle det det, for footvolley. Vi prøver å få interesse rundt sporten, og la folk sjå kva dette er for noko, seier han.

– Vi har sett at det er mange barn og unge som i løpet av helga har kome for å prøve seg, og mange er veldig gode, seier han.

Så sjølv om han oppsummerer helgas NM i heimbygda som ein kjempesuksess, er det dermed ikkje sagt at dei får vere arrangør igjen.

Førehandsfavorittane vann

– Vi håpar å kome oss til store byar som Bergen, Trondheim, Ålesund eller Stavanger, seier han og håpar det også der finst potensielle footvolleyspelarar som kan hevde seg heilt i toppen.

– Det finst avdanka fotballspelarar overlet, og dei har potensial til å bli gode i dette, ler han.

Etter ein lang dag med kampar var det til slutt dei tidlegare noregsmeistrane, og førehandsfavorittane, som stakk av med NM-tittelen i går.

– Morten Håland og Dag Brifeid fekk kamp heilt til døra og vann til slutt finalen 2–1 i sett, og 15–13 i siste sett. Så det var veldig nære at vi fekk nye noregsmeistrar der, seier Førde Aarskog.

PS: For ordens skuld, Kristoffer Førde Aarkosg og makkeren Bjørn Totland tok seg heilt til kvartfinalen. Men der trekte dei nettopp noregsmeistrane og motstanden der vart for tøff.