Hopp til innhold

Hata å øve på fela som lita - som vaksen lever ho av musikken

Å øve vart ikkje prioritert for den prislønte musikaren Unni Løvlid frå Hornindal. Men å legge vekk fela var heller ikkje aktuelt.

Unni Løvlid

HAR ALLTID VISST HO SKULLE LEVE AV MUSIKKEN: Unni Løvlid frå Hornindal.

Foto: unni.no

Gjennom heile barndommen gnikka og spelte ho fele, men det var ikkje før eit møte på Firda vidaregåande skule at ho forstod at ho kunne bruke musikken til noko.

– Heilt sidan eg var lita har eg visst at eg skulle gjere noko med musikk. Men eg trur ikkje at eg var noko spesielt talent, seier Løvlid.

Solist i barnekoret

Ho var gjerne solist i barnekoret, og fela trakterte ho frå ho var åtte år.

– Men eg øvde aldri. Eg var skikkeleg slaur. Eg hadde ikkje lyst til å øve på fele, men samtidig var eg veldig glad i det, seier Løvlid.

Ho fortel at det tok litt tid før ho fann ut kva som var dragninga ho hadde til musikken. Men på Firda vidaregåande skule fekk ho på ein workshop møte musikarar frå London.

– For første gong høyrde eg den musikken som eg høyrde inne i hovudet mitt, på utsida. Det var så sterkt, seier Løvlid.

Tysdag var ho gjest i NRK og du kan høyre intervjue med ho her:

Bestillingsverk

I sommar skal ho presentere eit eige bestillingsverk til folkemusikkfestivalen i Førde.

Vokalist Unni Løvlid og fire kinesere holdt konsert hos Riksantikvaren

MANGE OPPDRAG: Unni Løvlid og fire kineserar frå ein konsert hjå Riksantikvaren.

Foto: Erlend Aas / Scanpix

Før det, ventar, Leipzig, London, barneskular og konsertar for artisten Unni Løvlid. Men å kvi seg til å gå i gang, eller mangle tru på eigne evner, det gjer ho ikkje lenger.

– Eg er trygg på kven eg er og at det kjem til å gå bra. Men eg er klar over svakheitene mine.

Takka nei til Cirque de Soleil

Løvlid er i dag frilansar og reiser over heile verda med musikken sin og lagar bestillingsverk og samarbeider med mange ulike fagfolk. I tillegg har ho ei fast lita stilling på musikkhøgskulen i Oslo med eigne studentar.

Men ho seier på langt nær ja til alle tilbod. Då verdskjende «Cirque de Soleil» tok kontakt og ville ha ho med i ein produksjonen i Japan i to år som trapes- og dansemusikar, takka ho nei.

– Det valde eg å takke nei til for eg kan ikkje gjere dei same tingen kvar dag i fleire år. Slik er ikkje hovudet mitt, eg er nøydd til å gjere andre ting.