Hopp til innhold

Rein idioti førte til at Rafael måtte symje 9.100 meter

Rafael Gajowniczek frå Førde har svømt 9,1 kilometer frå Naustdal til Førde. Symjaren brukte tre timar og ti minutt på turen, som både inneheldt stor sjø og motvind.

Rafael Gajowniczek har sumt frå Naustdal til Førde. Han brukte tre timar og ti minutt på 9,1 kilometer.

9100 METER: Rafael Gajowniczek har svømt frå Naustdal til Førde (FOTO/REDIGERING: Alf Myrvang).

– Det var ein fin tur, men no må eg ha meg litt næringspåfyll, fortel Gajowniczek, rett etter at han har kome i land i småbåthamna i Førde.

Torsdag morgon la Stian Vikra frå Karmøy ut på ein symjetur på 120 kilometer, der målet er å krysse Skagerrak. Men Gajowniczek har ikkje henta inspirasjon frå Skagerrak-symjaren.

– Dette er berre eit innfall av å vere stor i kjeften og rein idioti, seier symjaren.

Motvind og mykje sjø undervegs

Symjaren nærmar seg mål

SISTE TAKA: Symjaren rett før han gjekk i land i småbåthamna i Førde.

Foto: Marianne Rotihaug / NRK

Gajowniczek har brukt tre timar og ti minutt på den 9,1 kilometerlange symjeturen frå Naustdal til Førde. Turen har gått smertefritt, men det var litt tungt undervegs, fortel han.

– Det var litt mykje sjø og motvind undervegs, men temperaturen er veldig fin, seier Gajowniczek.

Han sym aktivt, og henta nyleg heim medaljar frå Masters NM i Kristiansand i slutten av mars. Gajowniczek tilrår symjing for alle.

– Det er ein veldig fritidsaktivitet, seier han.

Familien i følgebåt

Symjaren har planlagt turen sidan juletider, og har hatt spesielt fokus på denne hendinga ei stund.

– Eg har trent spesifikt mot turen i tre veker, og er godt nøgd med resultatet, seier Gajowniczek.

Symjaren er eigentleg frå Oslo, men bur i Førde saman med familien, og dei fekk ta del i hendinga i dag.

– Familien har følgt meg heile vegen i følgebåt, fortel han.