Dei tre turgåaarane hadde sjølv kome seg ned til Bødalssetra øvst oppe i Bødalen i Stryn, men hadde ikkje fått varsla frå til sine pårørande om at dei var forseinka ned frå fjellet.
– Dei la ut på tur til Lodalskåpa onsdag og vart meldt sakna når dei ikkje var komne tilbake til klokka 22 torsdag kveld, seier operasjonsleiar Wenche Hope ved Sogn og Fjordan politidistrikt til NRK.no.
Kalla ut to helikopter
Iallefall to av dei sakna var ikkje heimehøyrande i området i Nordfjord, men alle tre var godt utstyrt for fjelltur.
– Vi har kalla ut redningshelikopter frå Florø som er på veg inn til Stryn, samt Røde Kors Hjelpekorps og alpin redningsgruppe, opplyste operasjonsleiaren til NRK.no tidlegare i kveld.
Om lag klokka 23 blei også ambulansehelikopteret som til vanleg er stasjonert på Førde sentralsjukehus sendt i retning Bødalen i Stryn.
Til alt hell vart det ikkje bruk for dei omfattande redningsressursane som vart sendt til den avsidesliggjande dalen under Jostedalsbreen.
Utan mobildekning
– Dei er alle tre i god form. Dei hadde ikkje hatt dekning på mobiltelefonen då dei kom ned til Bødalssetra. Såleis fekk dei heller ikkje varsla frå om at dei var forseinka, seier Wenche Hope.