– Her kan de sjå koparen vi håpte på å finne, seier David Hakes og viser fram prøvar av det brune metallet.
Han er geolog i det det britiske selskapet Kodal Mining og er for tida på plass på Grimeli i Askvoll med utstyr og personell – på jakt etter drivverdige førekomstar av kopar og sink.
– Vi har funne eit meterbreitt lag der det er både kopar og sink, konstaterer geologen.
- Les også:
Gruvedrift i tre epokar
250 år etter at dei første kopargruvene i Grimeli i Askvoll vart opna, er det starta prøveboring i dei nedlagde gruvegangane.
Frå kjøkenglaset sitt kan 78 år gamle Dag Bentås følge ivrig med.
– Det er verkeleg moro. I heile mitt vaksne liv har eg tenkt på kva som måtte vere att av koparkis i berggrunnen her, seier han til NRK.
Det har i tre periodar på til saman over 50 år vore gruvedrift i Grimeli. I 1759 opna «Grimmeliens Kobberværk» den første gruva som dei dreiv fram til 1776. Den neste driftsperioden varte frå 1854 til 1883, då om lag 50 mann jobba i gruva. Siste driftsperiode var frå 1916 til 1920, då dei måtte innstille på grunn av for mykje vatn i gruva.
Bentås sin oldefar hadde erfaring frå gruvedrift i Trøndelag, og byrja å jobbe i gruva i Grimeli rundt 1860. Både bestefaren og faren hans jobba også i gruva.
– Dei sa det var største arbeidsplassen i Sogn og Fjordane den gongen, fortel 78-åringen som i dag er nærmaste nabo til gruvegangane som går 90 meter ned i fjellet.
Prøveborringa avgjer
No skal mannskapa frå Kodal Mining kartlegge om førekomstane som er att er drivverdige for kommersiell gruvedrift. Så langt er David Hakes nøgd med resultatet.
– Vi har gått gjennom planane for den gamle gruva og håpar å finne kopar og sink. Dersom vi finn noko av ein viss storleik, blir vi sjølvsagt veldig glade.
Kor vidt det vil bli ny drift på Grimeli, er likevel uvisst.
– Det at det var ei gruve her, er eig godt teikn. Men det er enno altfor tidleg å seie sikkert, fastslår Haykes.
Men bak kjøkenglaset like ved borerampa lever Dag Bentås i håpet.
– Viss vi kunne få nokre hender i arbeid her, ville det vore veldig kjekt, smiler 78-åringen.