Hopp til innhold

Tok til å brenne i terrenget

Brannvesenet etablerte vakt i området rundt brannen i Flåmsdalen og valde først å ikkje gå inn. Etter kvart ombestemte dei seg og no er brannen sløkt.

Brann Flåmsdalen

MYKJE RØYK: Røykutviklinga i brannområdet er stor, men førebels har brannvesenet kontroll på staden kontroll.

Foto: Ragna Finden Skaim

Klokka 15.04 vart det meld om brann i terrenget ovanfor Flåmsdalen. Det er ukjend kor stort område det er snakk om, men det er langt frå veg og bygningar.

– Vi har etablert vakt i området som skal halde auge med den, seier Kolbjørn Øvrebotn ved alarmsentralen.

Men etter kvart vurderte brannvesenet i Aurland det slik at dei ville gå inn i området likevel. Klokka 17.24 meldte dei at dei var i ferd med å ta seg fram til brannstaden og elleve minutt seinare var brannen sløkt.

Det var litt vind i området, så difor valde dei å gå inn. Brannen hadde nok sløkt av seg sjølv, men dei ville gjere det skikkeleg for å unngå at det tok seg opp att, seier Øvrebotn.