Hopp til innhold

Handikappa må skifte i rom utan dør

Handikappa som vil ta seg eit bad på Havhesten i Florø må dusje og skifte i eit rom utan dør. Berre eit forheng blokkerer for innsyn frå kafeen.

Havhesten

UVERDIG: Rådmannen vedgår at garderobetilbodet til handikappa ved Havhesten ikkje er godt nok.

Foto: NRK

– Fasilitetane på Havhesten er ikkje spesielt godt tilrettelagt, sukkar Margunn Bakke som er leiar for Autismeforeininga i Sogn og Fjordane.

Ho fortel at ein av deira medlemmer svært gjerne vil bruke Havhesten, og i den forbindelse treng å nytte seg av ein handikapgarderobe. Men forholda som er på badeanlegget meiner Bakke er langt frå gode nok.

Berre forheng hindrar innsyn

Slik det er i dag er tilbodet til brukarar med handikap å dusje, skifte og bruke toalettet i eit rom bak kafeen. Det er berre eit forheng framfor døropninga som skal skjerme for innsyn.

Margunn Bakke legg ikkje skjul på at dei meiner dette er forhold ein ikkje kan akseptere.

– Når der ikkje er ei dør eingong, så blir det litt vanskeleg… Det kjennest litt feil, seier ho oppgitt.

Garderobe Havjesten

GARDEROBEN: Dette bilete viser inngangen til handikapgarderoba

Foto: Privat

– Hadde forventa tilrettelegging for alle

I eit skriv til Flora kommune og Havhesten klagar Autismeforeininga på plasseringa og utforminga av handikapgarderoben.

Bakke meiner det er trist at det ikkje er lagt til betre til rette for brukarar med handikap. Foreininga meiner det er sjølvsagt at alle, også dei som treng meir tilrettelegging, kan nytte seg av tilbodet ved Havhesten.

– Eg meiner ein må kunne forvente av eit såpass nytt og flott bygg at det er tilrettelagt for alle, seier ho.

– Dette er ikkje verdig

Terje Heggheim

VIL RYDDE OPP: Terje Heggheim er rådmann i Flora kommune.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

Dagleg leiar ved Havhesten, Mette Gundersen, seier dei har full forståing for frustrasjonen frå brukarane.

Det har også rådmann i Flora kommune, Terje Heggheim. Han lovar at dette er ei sak dei tek på alvor.

– Dette er ikkje verdig, og det skal ikkje vere slik i 2014, og heller ikkje for nokre år tilbake, seier han.

Rådmannen seier kommunen vil prioritere saka, og at ein allereie har sett i verk tiltak for å utbetre garderoben.

– Alle skal ha verdige forhold i ein garderobe i eit offentleg anlegg. Dette grip vi fatt i, og det skal bli rydda opp.

Dette var noko Gundersen også kunne bekrefte. I ein kommentar til NRK seier ho at det har tatt for lang tid å få på plass ei god nok handikapgarderobe. Vidare seier ho at Havhesten allereie i desember i fjor søkte til Flora bystyre om låneopptak for å få på plass ny dør både til handikapgarderova, og til skifting av dører i symjehallen. Prosessen har no blitt sett i gong, og ifølgje Gundersen vil døra til hanikapgarderoba vere på plass i løp av kort tid (våren 2014). I tillegg jobbar dei no med ein større plan for universell utforming på anlegget, som dei håpar skal vere ferdig i løp av hausten 2014.

Havhesten i Florø

BADEANLEGG: Badeanlegget Havhesten i Florø vart opna i 2000, og fekk tre år etterpå den kommunale byggeskikkprisen.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK