Hopp til innhold

Han håper å lande kontrakt på heimebane

Airlift i Gaular er blant selskapa som ønskjer å overta drifta av redningshelikopterbasen i Florø.

Kurt Opseth, dagleg leiar i Airlift

VIL VERE MED: Kurt Opseth og Airlift satsar på å vere blant dei private selskapa som kjempar om å overta redningshelikoptertenesta i Florø.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Justisdepartementet har opna for at private aktørar skal ta over redningshelikoptertenesta i Florø, som til no har blitt drive av 330-skvadronen til Forsvaret. Drifta av basen og redningshelikopteret er no lagt ut på anbod som skal gjelde for dei komande tre og eit halvt åra.

Dagleg leiar i Airlift, Kurt Opseth, seier dei ser på jobben som ei interessant forretningsmoglegheit.

– Samstundes har vi kompetanse og erfaring frå å drive med denne type helikopterverksemd. Når det i tillegg er like utanfor stovedøra vår, så er det naturleg å vurdere, seier han.

Meiner dei har kompetansen

Fleire lokalpolitikarar, blant dei Jacob Nødseth i Flora, fryktar at ei privatisering av skal gå utover tryggleiken. Det er det ingen grunn til, meiner Opseth.

– Vi i Airlift har solid erfaring frå denne type teneste, mellom anna frå atten år på Svalbard. Eg vil tru at miljøet på Svalbard er meir krevjande enn utanfor Florø. Så det er ikkje riktig. Vi kan levere like god tenester som forsvaret, seier Opseth. Som samstundes ikkje vil snakke ned jobben Forsvaret har gjort.

– Dei gjer ein kjempegod jobb og vi har ingen ting å utsetje på det dei gjer, men det er heller ikkje noko mindreverdig det vi leverer, seier han.

Forventar stor konkurranse

Statssekretær Gjermund Hagesæter har sagt det er meininga at Forsvaret skal vere operatør i Florø på sikt, men at private skal ta over i ein periode der Noreg får inn mange nye redningshelikopter og mellom anna treng tid til å lære opp mannskap.

Den korte anbodsperioden var ikkje nok til å skremme vekk Airlift frå oppdraget.

Ideelt sett skulle vi hatt ei litt lengre tidshorisont, men det er likt for alle vi skal konkurrere med, seier Opseth.

På grunn av nedgangen i oljenæringa trur han det vil bli mange som om beinet for å vinne kontrakten i Florø.

– Men dette er midt i vårt heimemarknad, akkurat det trur vi går til vår fordel, seier han.