– Eg er jølstring eg, så eg er ikkje slik som du kan lese om i aviser. Jølstringar er rolege og gjer det som er bra for samfunnet. Det trur eg iallfall, seier Helgheim til NRK.no tidleg fredag morgon.
Natt til fredag vart skattelistene for 2012 offentlege, og der går det fram at jølstringen har gjort eit kraftig byks på lista over dei rikaste i landet. I fjor var 75-åringen på 63. plass på lista over dei med mest formue, i år har han klatra til 47. plass.
– Det betyr ikkje så mykje, anna enn at eg har ein del å passe på i det komande året. At pengane ikkje blir brukte opp på tull, seier mangemillionæren.
- LES OGSÅ:
Sjå liste over dei 100 personane i fylket med størst formue i 2012 nedst i saka.
Frå 600 millionar til 711 millionar
Ivar Helgheim er utdanna lege, men la grunnlaget for formuen som eineeigar av Dr. Fürst Medisinske Laboratorium i Oslo. Han har også investert mykje i eigedom og er i dag administrerande direktør i Røgden Eiendom. Han har i tillegg ei rekkje styreverv.
I skattelistene for 2012 står 75-åringen oppført med rett over fire millionar kroner i inntekt. I formue har han bikka 700 millionar kroner, noko som betyr at han berre i løpet av fjoråret auka formuen med over 100 millionar kroner.
Helgheim kan seiast å vere den rike onkelen til Jølster kommune, og berre i fjor bidrog han med ni millionar skattekroner.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Fiskeoppdrettar Ola Braanaas i Gulen er med ei formue på nær 460 millionar kroner nummer to på formuetoppen i Sogn og Fjordane, og er med det den 94. rikaste i landet.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Viktig for næringslivet
Helgheim er ikkje overraska over at formuen hans har vakse med over 100 millionar kroner i løpet av fjoråret.
– Dette går av seg sjølv. Verdiane av eigedomane eg har vore låge, men no har dei stige. Så eg hadde eigentleg rekna med dette, seier han til NRK.no.
– Kva betyr pengane for deg?
– Det betyr ikkje så mykje for meg som det gjer for norsk næringsliv. Dette er investeringar som er gjort i norsk næringsliv. Eg bur no i Sogn og Fjordane, og her treng dei pengar, seier Helgheim.
Han meiner det er vanskeleg å gje råd økonomiske råd til andre, men seier to viktige stikkord er tillit og det å leve nøktern. Sjølv har han aldri vore freista til å slå rundt seg med pengar, og seier det er enkle ting han gjer når han skal flotte seg.
– Det gjer eg ved å ta meg ein god middag på Skei hotell, seier han.
32-åring på fjerde plass
Industrigründeren Hans Harry Wergeland i Gulen er i år, som i fjor, nummer tre på lista, med 313 millionar kroner oppført som formue i skattelistene.
På plassane etter følgjer Tom og Malin Roksvåg frå Stryn, barna til Geir Egil Roksvåg som er dagleg leiar ved Nordfjord Kjøtt. Veslebror Tom Roksvåg (32) står oppført med ei formue på 176 millionar kroner.
Malin Roksvåg er personen med den femte største formuen i fylket, med 168 millionar kroner på bok.