Hopp til innhold

Spent på livet som pensjonist etter 42 år som kommunelege i Høyanger

Etter 42 år som lege i Høyanger pensjonerte Dagfinn Astor seg ved nyttårsskiftet. No ventar rolege dagar, men slik har det ikkje alltid vore.

Dagfinn og Ingrid Astor

ROLEGARE DAGAR: Dagfinn og Ingrid Astor kan no nyte dagane som pensjonistar, etter eit hektiske liv som lege og politikar.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

– Dei fleste som blir utdanna lege i dag trur ikkje det er sant når eg fortel korleis eg jobba, fortel Dagfinn Astor.

Han og kona Ingrid kom til Høyanger ein regntung og grå dag i januar 1972. Det var seint om kvelden og dei måtte leggje seg i eit iskaldt hus.

Hundre i kø for den nye legen

Allereie dagen etter skulle den nyutdanna legen starte som distriktslege. Og det blei ein tøff start på dagen.

– Om morgonen vakna eg av eit merkeleg sus og ein lyd eg ikkje visste kva var. Eg såg ut av vindauget og fann ut at det var best å stå opp.

For ute stod det om lag 100 personar i kø, frå inngangsdøra og ut i gata. Alle ville ha time hos den nye legen.

– Det hadde ikkje vore distriktslege i Høyanger dei siste månadane. Då eg såg køen, sa eg til Ingrid at vi måtte stå opp fordi det var mange som trengde hjelp.

Jobba oppimot 18 timar

Astor var fersk og nydanna, men hadde heldigvis erfaring frå tida som turnuslege på Voss. Der tok han mange ekstravakter i helgene.

– Eg hadde stetoskop og blodtrykksmålar og hadde erfaring med å takle pasientar. Difor gjekk det stort sett bra.

Arbeidet som distriktslege der han også skulle dekke sørsida, Hyllestad og Gaular, var ikkje akkurat nokon jobb frå 9 til 16.,

– Arbeidsdagen varte så lenge det var pasientar på kontoret, gjerne til sju-åttetida om kvelden. Så var det gjerne tre til åtte sjukebesøk. Eg jobba nok 10 til 18 timar både kvardag og helg. Det var nok å gjere, men det var gøy.

Kryssa fjorden i allslags ver

Telefonen til ekteparet Astor

FØRSTE TELEFONEN: På denne telefonen ringde pasientane når dei trengde hjelp.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Han fortel at han fekk sin eigen båt for å komme over til sørsida av Sognefjorden.

– I 1973 fekk eg eigen båt, den bytta eg fordi den berre hadde ein motor. Sognefjorden kan vere røff og eg var stort sett åleine i båten. Av og til hasta det skikkeleg, men stort sett hindra ikkje vêret meg.

Astor er ekte «tjuagut» frå Bergen og utdanna lege i Tysland. Astor er gift med den kjende Høgre-politikaren Ingrid Astor og dei har tre døtre.

Måtte hjelpe mannen på kontoret

Ingrid Astor har sete både i kommunestyret og på fylkestinget for Høgre og har vore ein markant politikar. Ho jobba på kontoret hos mannen i 15 år, og hadde ansvar for alle telefonar når mannen var på oppdrag.

– Med det same vi kom til Høyanger kom han springande og sa han trengde hjelp. Eg hadde ein baby på armen som var halvannen månad i tillegg til to andre små. Vi søkte etter hjelp på kontoret, men fekk ingen søkjarar.

Då dei etter kvart fekk seg hushjelp, var det Ingrid sjølv som hjelpte mannen på kontoret.

– Det var eit herleg, men travelt liv. Folk i Høyanger har vore veldig var hyggelege.

Tykkjer det er rart å vere pensjonist

No er det rolegare dagar for ekteparet Astor. Etter 42 hektiske år som distriktslege og kommunelege, er Dagfinn no pensjonist. Han veit enno ikkje heilt korleis dagane blir framover.

– Det er rart å bli pensjonist, for eg veit ikkje heilt kva eg skal finne på. Eg må ta det dag for dag, for dette er nytt for meg, seier han.