– Eg tok bilete i 16.30-tida så det har tatt nokre timar før jordmassane har komme ut i fjorden, seier Lars Magne Hunshamar. Han bur på Råum i Luster over 370 meter over havet.
Jordskredet i Jostedalen gjekk i 0930-tida søndag morgon då store jordmassar lausna 700 meter oppe i fjellsida og reiv med seg uthus og sauer på vegen. NVE opplyser at det truleg er vatn frå snøsmeltinga som har fått skredet til å lausne.
No har elvene bidrege til å frakte jordmassane ut i fjorden.
– Eg har aldri før sett fjorden slik før, seier Hunshamar.
Faren for nye jordskred aukar
Tidlegare i dag varsla NVE at sjansen for slike skred aukar og heva beredskapen ved å sende ut ekstra personell for å overvake situasjonen. Særleg i indre Sogn er beredskapen auka.
I tillegg har Meteorologisk institutt sendt ut obs-varsel om store nedbørsmengder i dei same områda. Det kan komme opp mot 50 mm nedbør enkelte plassar. Frykta er at elva som allereie er fulle av smeltevatn ikkje skal klare å ta unna regnvatnet som også er venta.
- Les også:
Eit spennande døgn i vente
For folket langs fjorden er det ei avgjerande natt og dag i vente. Men Hunshamar tar det heile med ro.
– Vi har ikkje noko elv rundt oss her, så vi kan ta det med ro. Trur eg. Men det er jo ille det som har skjedd lenger oppe i dalen, seier han.
Han har ikkje sett drivved eller andre ting i fjorden. Men at den er misfarga av jordmassar er lett å sjå.
Med fjellet Molden rett over fjorden og så høgt som 370 meter over havet har Hunshamar god utsikt over fjorden.
– Frå eg tok bilete har det tynnast ut allereie. Men det driv vidare i fjorden, seier han.