Hopp til innhold

Garasje brann ned til grunnen

Brannvesenet måtte i føremiddag rykkje ut til brann i ein garasje i Jostedalen. Klokka 11.26 melde brannfolka frå om at garasjen var heilt nedbrent. Det var ikkje bilar i garasjen, og ingen personar kom til skade. Lensmannskontoret i Luster skal etterforska årsaka til brannen.