Hopp til innhold

Meiner Nordfjord og Sogn må gå ein ekstra runde om samanslåing

NORDFJORDEID (NRK): Leiaren i kommunalkomiteen på Stortinget åtvarar kommunane i Nordfjord og Sogn om at dei kan tape mykje om det berre er kommunar kring Førde som slår seg saman.

Helge André Njåstad i Førde

RUNDTUR: Sjølv om fristen for å finne seg ein nabokommune å slå seg saman med, meiner Helge Andre Njåstad i Framstegspartiet og leiar for kommunalkomiteen på Stortinget at det kan kome nye konstellasjonar ut av samtalar med Fylkesmennene. Over sommaren skal kommunane i Nordfjord møtast.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Det kan ikkje bli slik at Sunnfjord riggar seg med fire kommunar som går saman, medan Nordfjord held fram som før. Det vil gjere noko med styrkeforholdet i fylket, seier Helge Andre Njåstad.

Leiaren i kommunalkomiteen på Stortinget har dei siste dagane vore på rundreise i Sogn og Fjordane. I dag var turen komen til Nordfjord.

– Ein bør gå ein ekstra runde og sjå om ein kan ta opp kampen mot Førde om statlege arbeidsplassar og bli den mest attraktive regionen, understreka Njåstad.

Ein som er meir enn klar for å slå seg saman er Venstreordførar Alfred Bjørlo i Eid. Han og resten av politikarane og fleirtalet av innbyggjarane har sagt ja til å slå seg saman med Gloppen, men frieriet vart avvist av innbyggjarane i nabokommunen. Han er ein av fleire ordførarar som denne veka har uttrykt uro over at dei blir ståande ufrivillig åleine, og kan bli straffa for det.

Eid-ordførar Alfred bjørlo, fylkesleiar i Framstegspartiet Lars Svein Drabløs og Helge Andre Njåstad

LYTTA: Eid-ordførar Alfred Bjørlo lufta sin frustrasjon til fylkesleiar i Framstegspartiet og leiar i kommunalkomiteen Helge Andre Njåstad (Frp). Sistnemnde kunne på si side ikkje kome med nokon lovnader.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes

– Vi ser at skal vi halde oppe god kvalitet så må vi ha ein større kommune og større fagmiljø. No kan vi bli straffa økonomisk, og tape inntekter som igjen vil gje eit dårlegare tilbod, trass i at vi aktivt har arbeidd for å få til ei samanslåing, seier Bjørlo.

Held fast på at kommunane må gjere meir

Over heile landet finst det rundt 70 ja-kommunar som gjerne vil ha kommunesamanslåing, men som ikkje er ønskt av ein eller fleire av naboane. Njåstad kan på si side ikkje love at kommunane som kallar seg ufrivillig åleine får andre former for pisk og gulrot enn kommunar som har sagt høgt og tydeleg nei til samanslåing.

– Vi skal sjå på dette når reforma er ferdig, det er den ikkje no. Eg er glad for at fylkesmannen har kalla kommunane i Nordfjord saman for å drøfte situasjonen over ferien. Det må vere mogleg å finne gode løysingar sjølv om fristen 1. juli ikkje gav dei svara, seier Njåstad.

Bjørlo går gjerne i dialog med andre naboar, men meiner dei som kommune har gjort det dei kan for å få til ei samanslåing.

– Vi har til og med gitt frå oss kommunesenteret i dei forhandlingane som har vore. Stortinget og regjeringa må ikkje la nei-kommunar legge premissar for vidare prosess. Det må vere trykk for å hjelpe og støtte kommunar som vil og ynskjer å få til noko.