Hopp til innhold

Dei er Norgesmeistrar i kommunesamanslåing

FØRDE (NRK): Målt i tal på kommunar ligg storkommunen i indre Sunnfjord an til å bli den største kommunesamanslåinga i heile landet.

Jan Tore Sanner og Sunnfjord-ordførarar

STØRST: Dei fire Sunnfjord-kommunane Gaular, Jølster, Naustdal og Førde er dei einaste som har klart å slå saman fire kommunar i kommunereforma. Her frå då kommunalminister Jan Tore Sanner gjorde stas på representantar frå kommunane.

Foto: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Etter alt å dømme blir talet kommune redusert frå 428 til 390. 65 prosent av kommunane har sagt dei vil halde fram åleine.

Måndag var leiar for kommunalkomiteen på Stortinget, Helge André Njåstad (Frp) på rådhuset i Førde. Der fekk han ei orientering om korleis Førde, Naustdal, Gaular og Jølster har klart å gjennomføre noko mange andre ikkje har fått til.

Trur storkommunen vil styrke seg

Njåstad meiner nøkkelen for å lukkast er ein vilje til å skape noko bra for alle, ikkje berre sin eigen kommune.

Helge André Njåstad

NØGD MED ENDRINGANE: Men Frp-politikar Helge André Njåstad trur det blir fleire samanslåingar i åra som kjem.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Det er ikkje snakk om at ein skal styrke seg og dei andre ikkje, men at alle skal kome godt ut av det. Når ein har den haldninga så lukkast ein godt. Det var nyttig å høyre orienteringa, og sjå eit døme på Vestlandet som verkeleg har lukkast, seier Njåstad.

Han seier han er overtydd om den nye storkommunen i indre Sunnfjord vil styrke seg i åra framover, både gjennom frigjering av ressursar, men også fordi dei har større sjansar til å få fleire statlege arbeidsplassar.

– Eg er rimeleg sikker på at dei som står åleine no vil sjå at Førde har utvikla seg ytterlegare som det store lokomotivet i dette fylket når vi går litt inn i framtida.

Meiner reforma er vellukka

Trass i at talet på kommunar berre ser ut til å ha blitt redusert med 38 kommunar, held Njåstad fast ved at reforma er vellukka, og at det ikkje berre er ei kommunejustering.

– Når ein har fått til fleire samanslåing på tre år enn ein har fått til på 50 år, så viser det at ein skapar sterke kommunar. Dei kommunane som denne gongen ikkje lukkast, vil sjå at dei som har lukkast vil få ei større utvikling, og då trur eg fleire vil komme etter seinare, seier stortingspolitikaren.

Ordførar i Førde, Olve Grotle, er glad for å ha fått tittelen «Norgesmeister i kommunesamanslåing». Han trur firkløveret i indre Sunnfjord har klart å få til ein storkommune fordi dei allereie er integrerte.

– Eg trur ikkje folk har sett på det som eit stort sprang at vi formelt blir éin kommune. Og så har vi hatt ein god prosess med folkemøte og diskusjonar og så vidare.