SISTE: Statsministeren kjem likevel til Sogn, men kraftig forseinka.
– Vi har folk oppe ved Høgabru oppe i Flåmsdalen. Bak brua ligg det ein jernbanefylling der vatnet går gjennom ein tunnel. Oppom denne ligg det ein stor stein i elva. Denne kan komme til å tette elveløpet og skape ein flaumsituasjon, opplyser Aurland-ordførar Noralv Distad (H).
– Den er ein risikofaktor
Den digre steinen som ligg plassert midt ute i elva skapte redsle også då storflaumen stod på som verst tysdag. No, når vasstanden har trekt seg attende vurderer fagfolka som er på plass i området at den framleis utgjer fare for å demme opp vassdraget.
– Dette er ein risikofaktor. Så den må sprengast, fastslår ordføraren.
Mannskap frå kommunen, NVE og entreprenør er laurdag føremiddag i ferd med å få på plass utstyr for å klargjere steinen for sprenging.
– Den blir nok ikkje sprengt i dag, men ein skal få alt på plass slik at den kan sprengast bort så raskt som råd. Det er vi veldig glade for, då blir vi kvitt ein risikofaktor, seier Distad.
(Artikkelen held fram under biletet.)
Tek ingen sjansar
Ordføraren strekar under at den lokale beredskapsleiinga ikkje tek sjansar etter storflaumen sine herjingar i turistbygda.
– Vi har fokus på tryggleiken og må tenke framover for å rydde av vegen alt som kan representere ein fare for framtidige katastrofar.
Det er difor med lette at Distad førebels kan konstatere at dei store nedbørsmengdene som igjen er meldt inn over Vestlandet i helga, førebels har halde seg unna det flaumråka området i Indre Sogn.
– Nett no er det ikkje noko nedbør. Vi følgjer vêrmeldingane tett og sit nett no i møte med regionsjefen i NVE. Vi har heile tida oppdaterte prognosar for vêrsituasjonen, så no føler eg at vi har ein god oversikt over situasjonen. Vi håpar sterkt på lite nedbør. Vi er framleis i ein krisesituasjon og har veldig mange utsette område, understrekar ordføraren.