Hopp til innhold

Steinblokk losna 100 meter over vegen

Vekslande frost og mildvêr er truleg årsaka til at steinraset i Vik fredag morgon. – Vi opnar truleg vegen mellom klokka 15 og 16 i ettermiddag, seier prosjektleiar Per Ove Fossheim hos Statens vegvesen.

Steinras på fylkesveg 92

RYDDAR: Geolog har vurdert rasområdet frå lufta. No har ryddemannskap fått klarsignal til å starte ryddearbeidet.

Foto: Statens vegvesen

Ryddearbeidet er no starta etter at ein geolog har vurdert både sleppområdet og rasløpet over fylkesveg 92 mellom Vikøyri og Arnafjorden i Vik.

No er ryddearbeidet starta.

SISTE: Vegmeldingssentralen opplyser klokka 1330 at dei ventar å opne vegen att klokka 14.

– Vegen har fått skade, men ryddearbeidet er starta og vi kjem til å lage ein innsnevra passasje på innsida, seier prosjektleiar Per Ove Fossheim hos Statens vegvesen.

Vekslande vêr

Gunnar Fjellheim og Tommy Halset var berre få sekund frå å bli trefte av raset då dei var på veg frå Vik til Halset.

Per Ove Fossheim

OPNAR: Per Ove Fossheim ventar at ryddearbeidet på fylkesveg 92 vil ta tre-fire timar.

Foto: Randi Indrebø / NRK

Ei større steinblokk losna kring 100 meter over vegbana og har delt seg på veg nedover mot vegen.

Medan ei steinblokk på kring to kubikk låg att i vegen, har fleire blokker gjort skade på vegen før dei gjekk i fjorden.

– Det er ei strekke vi har hatt nedfall på før, og vi er inne i ein periode no med mildvêr og kjøligare vêr om ein annan. Det påverkar stabiliteten på området som har potensial til å komme med nedfall, seier Fossheim.

Steinras på fylkesveg 92 i Vik

STORE BLOKKER: Både blokka som ligg att og såret i vegbana vitnar om store blokker som kom ned frå fjellsida i morgontimane fredag. Smal veg og møtande trafikk berga truleg livet til Gunnar Fjellheim og Tommy Halset.

Foto: Gunnar Fjellheim

– Ser greitt nok ut

Ein geolog har i føremiddag vurdert rasområdet frå lufta. No er ryddearbeidet starta.

– Det ser greitt ut der blokka stod, og skredløpet ser relativt reint ut. Men det ligg att ei helle som i verste fall kan komme ned i kraftig regn. Den skal vi plukke ned, men det er ikkje akutt fare, seier Fossheim.

– Strekkja er rasutsett, kan det komme ned meir?

– Eg kan ikkje garantere at det ikkje kjem noko, men området vi har sett på i dag ser greitt nok ut til å starte ryddearbeid og få opna vegen.