Hopp til innhold

Vil frakte rundballar frå Trøndelag for å hindre nedslakting av buskap

Fôrsvikten i Sogn og Fjordane er så alvorleg at det blir jobba for å frakte store mengder rundballar med skip frå Trøndelag. Alternativet kan i verste fall vere nedslakting av buskap.

Oddvar Nyland

TRENG FÔR: Bonde Oddvar Nyland og andre vil no vurdere å hente rundballar frå Trøndelag til Sogn og Fjordane for å avhjelpe fôrkrisa i landbruket i fylket.

Foto: Bård Siem / NRK

Enkelte stader er avlinga berre halvparten av vanleg nivå. Vi blir tvinga til å hente fôr utanfrå, seier bonde Oddvar Nyland frå Gloppen.

– Vi satsar på om lag 1500 rundballar, så får vi sjå kva pris vi får dette ned i og kva båtfrakt og transport frå kai vil koste, seier Nyland til NRK.

Ein langt kaldare og fuktigare sommar enn vanleg får alvorlege
konsekvensar for bøndene på Vestlandet.

Dramatisk situasjon

I Sogn og Fjordane er situasjonen dramatisk fleire stader, seier Dag Arne Eide i Norsk landbruksrådgiving.

– Eg har jobba som rådgjevar i denne stillinga i 27 år og har vel aldri sett ein sommar som har vore så dårleg for bøndene. Det er det i alle fall ingen tvil om.

– Kor stor er svikten i avlinga?

– Nokre plassar i fylket er det forholdsvis normalt, andre stader er det kanskje ikkje meir enn halvparten av den formengda ein vanlegvis har fått i hus.

(Artikkelen held fram under biletet)

Hugo Aasen

AVLINGA SVIKTA: Hugo Aasen driv landbruk i Sundsdalen i Førde. Den dårlege sommaren førte til 30 prosent avlingssvikt for han.

Foto: Bård Siem / NRK

30 prosent svikt

Mjølkebonde Hugo Aasen i Sundsdalen i Førde, som sjølv opplever ein avlingssvikt på om lag 30 prosent, seier det går på humøret laust for enkelte yrkesbrør.

– Det er klart at depresjonen den kan jo kome. Vi har jo bore alle kostnader med det foret som vi skulle hauste. Mange har jo spedd på med ekstra kunstgjødsel for å kompensere for avlingssvikten

Kan hamne på slaktebenken

Dersom planane om rundballar frå Trøndelag går i vaksen, står enkelte i fare for måtte å slakte ned delar av buskapen, trur Oddvar Nyland.

– Ein lyt i alle fall finne på noko, eller så må nok enkelte slakte ned. Alternativet er jo å auke på med halm og mjøl, men det er kostbart det også.