Hopp til innhold

Har berre fått éi utmelding

Trass eit skred av varsla utmeldingar, Sogn og Fjordane Arbeidarparti har berre fått éi utmelding etter lokalsjukehusstriden dei siste vekene.

Harry Mowatt og Clara Øberg

OMSTRIDDE: Helse Førde-styremedlemmene og Ap-politikarane Harry Mowatt og Clara Øberg har sett sinna i kok i Nordfjord og inst i Sogn, men så langt held regjeringspartiet på medlemmene.

Foto: Fotomontasje / NRK

– Eg trur at medlemmene i Ap ser det at skal ein vere med å påverke, så er det gjennom politikken, seier fylkessekretær Monica Oppedal i Sogn og Fjordane Arbeidarparti.

Har truga

Mange medlemmer har truga med å melda seg ut dersom lokalsjukehusa i Lærdal og Nordfjordeid vert gjort om til lokalmedisinske senter. Det har falle mange tungt for hjartet at Ap-politikarane Clara Øberg og Harry Mowatt har fronta omstillingsprosessen for Helse Førde-styret.

At helse- og omsorgsminister Anne-Grethe Strøm-Erichsen langt på veg har gitt sitt samtykke til omstillinga, har for enkelte partiveteranar blitt sett på som eit svik.

...men er framleis medlem

Likevel, så langt har berre eitt medlem i Sogn og Fjordane levert attende partiboka.

– Den som har meldt seg ut, har gjort dette på grunn av den pågåande helsedebatten, seier Oppedal.

Noko massemelding kan fylkessekretæren derimot ikkje sjå konturane av. Men Oppedal beklagar alle former for protestutmeldingar som eventuelt måtte komme.

- Det har vi full forståing for, og det ser vi klar alvorleg på, seier Oppedal som oppmodar folk om å bli, for å kunne vere med å påverke politikken.