Hopp til innhold

Førde er best på skule i Noreg

Det nye Kommunebarometeret syner at Førde er Noregs beste skulekommune. Førde kommune meiner hardt arbeid ligg bak.

Førde beste skulekommune i Noreg

STOLT: Kommunalsjef i Førde kommune, Helge Sæterdal, er stolt, men understrekar at resultatet kjem som fylge av hardt arbeid.

Foto: MMS-foto: Øyvind Torvund/Roy Raasholm Fauske / NRK

– Det er ikkje hokus pokus. Me har hatt det me kallar eit læringstrykk, og eit sterkt fokus på resultat. Me er stolte over denne kåringa, men det er langsiktig og systematisk arbeid på alle nivå som ligg bak, seier kommunalsjef i Førde, Helge Sæterdal.

Det er bladet Kommunal Rapport som utfører undersøkinga, og dei baserer kåringa på mellom anna resultat frå nasjonale prøvar, karakterar, trivsel, grad av mobbing og lærarane si utdanning.

Kommunalsjefen meinar dette syner den politiske vilja til å prioritere skule i Førde.

– For meg er ikkje resultatet overraskande. Eg har held på og avsluttar ei besøksrunde til alle skulane i Førde, og pratar med lærarar, leiing og elevar. Då får eg høyre kor god trivsel det er der, og kor fornøgde dei er, seier han.

– Det er viktig for dei gode resultata at elevane trivest, avsluttar han.