Hopp til innhold

Folk fylte hallen til randen for Norge

Mariann Solaas (13) frå Kyrkjebø og Hedda Stølen Olsen (14) frå Høyanger fekk møte sin store handballhelt, Nora Mørk, etter landskampen på Sandane fredag kveld.

Møtte handballheltinna

GLADE JENTER: Mariann Solaas er 13 og kjem frå Kyrkjebø. Hedda Stølen Olsen er 14 år og kjem frå Høyanger. Dei fekk møte Nora Mørk etter kampen.

Foto: Inger Haldis Aske

Dei hadde delteke på handballskule i Trivselshallen tidlegare denne veka, og fekk dermed billett til fredagens kamp.

Jentene tykte at det var veldig spennande å vere på landskamp i Gloppen. Etter kampen stilte dei seg opp og fekk autografen til Nora Mørk på t-skjortene sine, samt tok bilete i lag med ho.

Heile 1614 tilskodarar fekk med seg at Norge slo Russland i den første landskampen nokon sinne i Trivselshagen på Sandane.

– Dette må vere noko av det beste som har skjedd i Gloppen nokon gong, fortel ein svært oppglødd primus motor, Knut Roger Nesdal.

Landskamp i trivselshagen

STOR STEMNING: Norge sine favorittdamer har brukt den siste veka til trening på Sandane. Fredag kveld møtte dei Russland til landskamp.

Foto: Eva Marie Felde / NRK

Han fortel vidare at stemninga i Trivselshallen, som er ein del av det store kultur- og idrettsanlegget, var heilt elektrisk.

– Når Norge i tillegg vinn, med over 1600 tilskodarar på plass, så må jo dette seiast å ha vore ein stor suksess, seier Nesdal.

Laurdag kveld er det ny landskamp i hallen, og det har vore stor rift om billettane. Svært mange vil sjå dei norske handballyndlingane i aksjon.

– Det er faktisk heilt utseld i morgon også, det er berre heilt utruleg, seier Nesdal.

Norge Russland på sandane

MYKJE FOLK: Det var heilt utseld då Norge møtte Russland i Trivselshallen på Sandane.

Laster Twitter-innhold