Hopp til innhold

Flodbølgje på 80 meter

Folk i Aurland vart onsdag kveld presenterte for eit skrekkscenario.

Flåm

I verste fall kan ei flodbølgje skylje over heile Flåm sentrum.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Ifølgje nye undersøkingar kan ei 80 meter høg flodbølgje skylje inn over land dersom det ustabile fjellpartiet Joasete rasar ut.

Sjå innslaget om rasrapporten i Vestlandsrevyen:

Video nsps_upload_2009_4_2_19_51_28_2375.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

- Skremmande, men nyttig

Ingvar Vikesland som bur ved Aurlandsfjorden synest trugsmålet om ei flodbølgje er skremmande.

- Det verste scenariet med bylgje på opp mot 80 meter torer eg nesten ikkje tenkje på. Men det var veldig nyttig å få desse utgreiingane, slik at vi veit kva som er i ferd med å skje.

Utvidar seg sakte

Fjellet som ruvar over heimen hans han har breie kløfter som utvidar seg sakte. I verste fall kan heile fjellpartiet rase ut i fjorden og skape ei 80 meter høg flodbølgje.

Det skremmande scenariet vart presentert for innbyggjarane i Aurland på eit folkemøtet i går kveld.

Bølgje over heile Flåm sentrum

Sylfest Glimsdal frå Norges Geotekniske har undersøkt tre skredscenarier. Det minste skredet vil berre gje mindre skader. Men dersom så mykje som 400 millionar kubikkmeter fjell rasar ut, vil flodbølgja skylje innover turistmålet Flåm, ein kilometer frå der skreda vil nå fjorden.

- Bølgjene vil skylje innover heile sentrum og eit stykke innover dalen. Det vil til og med skylje vatn over Fretheimshaugen som er 60-70 meter høg.

Like stort som i 1756

På Vestlandet har det vore to til tre katatrofar kvart hundreår på grunn av fjellskred. Det største skredet gjekk i Romsdal i 1756, eit skred i Aurland kan bli like stort.

- Det er veldig sjeldan med så store skred.

- Ikkje akutt fare

Det er ikkje akutt fare for at fjellpartiet Joasete i Aurland skal rase ut. Og Ulrik Domaas frå Norges Geotekniske Institutt - NGI - seier at folk som bur langs fjorden ikkje har grunn til å kjenne seg utrygge.

- I det daglege går ein ikkje rundt og tenkjer på dette, og det trur eg er rett. Det er sjeldne hendingar, og det vi veit er at det ligg eit par skred i fjorden, skred som har gått i løpet av 12.000 år.

- Så folk kan framleis sove godt om natta?

- Ja, det synest eg.

Vatnet til kraft

For at innbyggjarane inst i fjordarmen skal bu trygt i framtida, vil kommunen drenere vekk vatn og på den måten stabilisere fjellsida. Kraftprodusenten ECO vil bruke 300 millionar kroner på å samle vatnet i eit magasin og bruke det til kraft. Det meiner Ingvar Vikesland er ei god løysing.

- Ja, tanken er god, for dette er så omfattande tiltak at menigmann ikkje har så mykje han skal ha sagt, så dette helsar eg med glede.

Fire cm på eitt år

Men det byrjar å haste med å sikre fjellet over Aurlandsfjorden. Nye målingar syner at fjellet har bevega seg opp til fire centimeter i løpet av eitt år. Vikesland har sett dei djupe kløftene ved stølane på Joasete.

- Ja, vi som bur i området og som har ferdast oppe i markene der har lagt merke til at det har skjedd ting, forskyvingar, utglidingar og forandringar i sprekker. I stølsområdet er kjølvjavegen lagt om på grunn av endringar i terrenget.

- Kan ikkje gå og tenkje på det

- Kva tenkjer du om staden du bur på etter det du no har høyrt?

- Vi lyt bu her vidare, det er ikkje meir å seie.

- Tenkjer du at du bur utrygt?

- Ja, men vi kan ikkje gå rundt og tenkje på faren kvar dag, det ville bli ein vanskeleg kvardag.