Hopp til innhold

Fleire gull til Tambarskjelvar

Tambarskjelvar tok to gull og ei sølv i lagkonkurransen under NM i vektløfting i helga.

Tok gull

Tambarskjelvar tok gull i herreklassen.

Foto: Jørn Helgheim

Det har vore ei svært god helg for dei lokale vekløftarane under Lag-NM i Naustdal i helga. Fredag tog Brodd sølv i ungdomsklassen. Laurdag vart ein andå betre dag. Tambarskjelvar sine juniorar tok suverent gull, herrene tok gull og det vart sølv i dameklassen.

Gull utan den beste på laget

Gunnar Reiakvam, trenar for vektløftarane i Tambarskjelvar, er svært godt nøgd med innsatsen.

– Eg er spesielt godt fornøgd med at vi greidde å vinne eliteklassen for herrar. Vi greidde dette utan vår beste løfter Vebjørn Varlid, som er skadd. I tillegg hadde vi to juniorar og guteløftar med på laget, seier Reiakvam.

Avviser dårleg nivå

– Gull med to juniorar og ein guteløftar. Tyder ikkje dette på at nivået må vere lågt?

– Nei, det vil eg ikkje seie. Nivået er slik det har vore og er på det jamne, seier han.

Tok sølv

Tambarskjelvar tok sølv i kvinneklassen.

Foto: Jørn Helgheim

Kvinnelaget kjempa lenge om gullet, men måtte til slutt gje tapt for bergenslaget Bjørgvin. Hadde dei løfta fem kilo meir, ville Tambarskjelvar teke gullet i kvinneklassen.

– Vi har eit svært godt lag og eg ser lyst på framtida, seier Reiakvam.

Mest fornøgd av alle var Daniel Holstad. Han sette nemleg personeleg rekord i støt med 145 kilo, åtte kilo meir enn hans førre personlege rekord.