Hopp til innhold

Fjordabåten med ni liv

I ein serie artiklar ser vi tilbake på 20 år med Vestlandsrevyen. Den 11.11.11 er det 20 år sidan den første sendinga. I denne artikkelen kan du lese om eit veteranskip og entusiastar som har tolt mange år med sterk motvind.

Veteranskipet Stavenes under slep

Stavenes vart slepa til veteranskipstreffet Fjordsteam i Florø i 2010.

Foto: Harald Sætre / Veteranskibslaget Stavenes

Dampskipet Stavenes var ein institusjon på Sognefjorden. Det var den første båten i FSF-flåten som var bilførande, bilane vart køyrde inn på tvers på dekket. Skipet var spesielt på ein anna måte og, baugen var konstruert for å bryte is.

DS Stavenes

DS Stavenes.

Foto: Harry Runderheim / © Fjord1

Men då moderne, spesialbygde ferjer overtok bilfrakta vart gamle, gode Stavenes til overs. Fylkesbaatane selde skipet på 1970-talet. Det hamna i England, og etter nokre års bruk vart det liggande i opplag, sterkt prega av forfall.

Vart slepa over Nordsjøen

Det var det mange som tykte var for gale, og ein gjeng entusiastar, mellom dei Hallstein Ese, fekk kjøpt skipet og fekk slepa det over Nordsjøen. Det skjedde i 1991.

Så starta ei lang ørkenvandring med mange nedturar, forlis og ein tilsynelatande håplaus kamp om pengar til restaureringsarbeidet. I 1993 sokk like godt veteranskipet ved kai i Kaupanger, og dei flest rekna med at dette var slutten. Den 25. januar 1993 hadde Vestlandsrevyen dette innslaget:

Video Stavenes sokk ved kai

Stavenes sokk ved kai

Gav ikkje opp

Forliset tok altså ikkje knekken på entusiastane, Stavenes vart heva, og arbeidet med å restaurere skipet heldt fram. Men økonomien vart ein vanskeleg bøyg, år etter år søkte dei om pengar, det eine avslaget fylgde det andre.

I 2005 vart den gamle dama slept til Nordsteam i Bergen, og deretter vidare til Dåfjorden Slipp i Fitjar. Her låg båten i to år utan at noko særleg skjedde.

Ny giv i 2007

Først i 2007 skaut det fart. Då vart Veteranskibslaget Stavenes reorganisert, prosjektet fekk tillit hjå Riksantikvaren, og dei seinare åra har det kome gode tilskot frå Riksantikvaren, i år var det ein million kroner.

– I 2011 har vi fått inn 1,8 millionar kroner til arbeidet, fortel leiar i Veteranskibslaget Stavenes, Øyvin Konglevoll.

Sogn og Fjordane fylkeskommune har dei siste åra løyvd pengar til Stavenes, men mesteparten av pengane kjem utanfrå Sogn og Fjordane. Mellom andre har Riksantikvaren, Kulturminnefondet, UNI-stiftinga og Vestenfjeldske Bykreditt bidrege.

På Fjordsteam

DS Stavenes og DS Stord på Fjordsteam

DS Stavenes og DS Stord på Fjordsteam i Florø i 2010.

Foto: Harald Sætre / Veteranskibslaget Stavenes

I fjor var båten sett i såpass stand at han var med på Fjordsteam i Florø, rett nok ikkje for eiga maskin. Men til Fjordsteam i Bergen i 2013 skal båten vere meir ferdig.

– Då skal Stavenes kome dampande for eiga maskin inn på Vågen. Og målet er at båten etter kvart skal setjast inn i trafikk mellom Flåm og Gudvangen i turistruta Norway in a nutshell.

DS stavenes på slipp i Dåfjorden

DS Stavenes på slipp i Dåfjorden.

Foto: Øyvin Konglevoll / Veteranskibslaget Stavenes

Akkurat no ligg Stavenes i lag med Atløy i Dåfjorden. DS Stavenes har nyleg vore på slipp, og fått fjerna gamal ballast, skott og tankar, skipet er sandblåst og måla innvendig.

– Stålplatene var i forbausande god stand, vi slapp skifte nokon av dei. No arbeider vi m. a. med fundamentet for dampmaskinen. Vi har fått kjøpt ein maskin frå Sandnessjøen og vi har fått bygd ny dampkjel.

Ære til Hallstein Ese

Kva er det så som får folk til å ofre så mykje tid og energi på å ta vare på ein gamal fjordabåt. Øyvin Konglevoll er ikkje i tvil om at det er verd slitet:

– DS Stavenes er ein heilt spesiell båt som det er uhyre viktig å ta vare på. Det er det mange som har innsett. Vi har medlemer i ni fylke, og det er mange som har gjort ein stor innsats. Men det er grunn til å nemne Hallstein Ese spesielt. Han stod på då det såg som mørkast ut og gav aldri opp håpet om ein gong å sjå Stavenes ferdig restaurert. Utan han hadde Stavenes vore spikar i dag.

Les meir om restaureringsarbeidet på heimesida til Veteranskibslaget Stavenes .

Dugnadsarbeid på DS Stavenes

Dugnadsarbeid med fjerning av gammal dørk.

Foto: Øyvin Konglevoll