Hopp til innhold

Fiskefeitt drep fuglar og forsøplar hamnebassenget

Fiskefeitt har i tre veker lagt seg som eit belegg i hamnebassenget i Måløy. – Heile bassenget er forsøpla og stanken er enorm, rasar Kenneth Svoren.

Fiskeolje

GRISETE: Fiskefeitt flyt rundt i hamnebassenget i Måløy, til stor irritasjon for fastbuande og båteigarar.

Foto: Kenneth Svoren

Utslepp av fiskefeitt har sett sinna i kok i Måløy.

– Vi har fått nok av at det blir sleppt ut fiskefeitt som forsøplar heile hamnebassenget. Feittet har i tre veker lagt seg som eit belegg langs heile strandlinja, spesielt på Ivahavet der det ligg 150 lystbåtar og der mange folk bur, seier Svoren.

Død fugl i hamnebassenget i Måløy.

DØYR: Fuglar blir tilgrisa og døyr i hamnebassenget i Måløy.

Foto: Kenneth Svoren

Store kostnader

Han har sjølv båt i hamnebassenget, og er mildt sagt provosert over situasjonen. Skal ein få fjerna feittet frå båtane, må dei på land. Dei må spylast, vaskast og behandlast på nytt.

Sildoje

SYNLEG OLJE: Sildolje har lagt seg som eit belegg i hamnebassenget i Måløy.

Foto: Kenneth Svoren

– Kostnaden vil kome på minst 5–6000 for kvar båt. Dette er rett og slett hærverk. Stanken i området er enorm, og blir mykje verre dersom det blir varmare vær, seier han.

Kritiserer politiet

Svoren påpeikar at utslepp av sildolje i hamnebassenget har vore eit problem kvar vår og sommar dei siste åra.

– Saka er meld til politiet ei rekkje gonger, utan at politiet bryr seg. No har vi bildemateriell som viser døde fuglar og tilgrisa standlinje og båtar. I og med at ingen i kommunen bryr seg, sender vi no brev til Miljøverndepartementet, Kystverket og Fylkesmannen, seier han.

Avviser kritikken

Lensmann i Vågsøy, Tormod Hvattum, avviser kritikken.

Lensmann i Vågsøy Tormod Hvattum

KOMMUNEN SITT ANSVAR: Lensmann i Vågsøy, Tormod Hvattum, fortel at det i første instans er kommunen som skal ta seg av forureininga i fjorden.

Foto: Hildegunn Løken Holtan / Fjordenes Tidende

– I medhald av ureiningslova overlèt vi denne type saker til kommunen, seier han.

– Men er det ikkje ei sak for politiet dersom det er miljøkriminalitet?

– Det er i første omgang kommunen som skal handtere denne type saker.

– Svoren hevdar ureininga i hamnebassenget har skjedd i årevis. Kva er din kommentar til det?

– Ja, vi har kvart år fått inn meldingar om sildolje i hamnebassenget. Vi har etterforska to saker om luktforureing i området, men begge sakene vart lagde vekk, seier Hvattum.

– Beklageleg

Avdelingsleiar i Vågsøy kommune, Odd Henning Svoren, forstår veldig godt frustrasjonen over mykje fiskefeitt i Måløy hamn.

– Det heile er svært beklageleg, seier Svoren, utan å ville kommentere saka ytterlegare. Han viser vidare til brannsjef i kommunen, Kim Hjelle. Hjelle har så langt ikkje vore tilgjengeleg for kommentar.

Avviser lekkasje frå sildoljefabrikk

Arnt Ove Hoddevik ved Måløy Sildoljefabrikk avviser at fiskefeittet kjem frå deira fabrikk.

– Det har ikkje vore noko lekkasje frå fabrikken vår, så ureininga må kome frå andre, seier han.

– Frå kven då?

– Dette er etter alt å døme avrenning av fiskefeitt i samband med lossing av fisk frå fiskebåtar. Dette er ikkje sildolje, seier han.