Hopp til innhold

Filminnspeling er god butikk for det lokale næringslivet

FJÆRLAND (NRK): Delar av den engelsk filmen «Bliss» vert i desse dagar spelt inn i Fjærland og på Flåmsbana. Produksjonsselskapet legg igjen om lag ein million kroner i Noreg.

Mykje å halde styr på

SKJER MYKJE PÅ KORT TID: Frå «kontoret» skal Njål Lambrechts halde styr på både transport og overnatting.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

– Det er ein industri dette vi held på med. Vi legg nok igjen ein million kroner i overnatting, mat, transport og liknande, fortel linjeprodusent Njål Lambrechts.

Filmen «Bliss» handlar om ei engelsk jente som aldri har møtt far sin. Ho har høyrt at han finn seg i Noreg og reiser for å finne han, og ho ender opp på Mundal Hotell.

Må plutseleg få tak i 40 hotellrom

Produksjonsselskapet skal bruke seks dagar i Noreg, og ein fjerdedel av filmen skal spelast inn her. Lambrechts, som legg til rette for produksjonen i Noreg, fortel at innspelinga har gått bra så langt, men at dei har møtt på nokre utfordringar.

Njål Lambrects

LEGG ATT PENGAR: Njål Lambrechts fortel at produksjonsselskapet legg att ein million kroner under filminnspelinga

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

– Det er mange endringar på svært kort tid. Når ein plutseleg må skaffe 40 hotellrom eller det kjem ti store bilar som skal parkere, er ikkje det like lett, seier han.

Det har vore mykje debatt kring kostnadane ved å spele inn film i Noreg. Lambrechts håpar på ei ordning liknande den ein har på Island.

– For at vi skal vere konkurransedyktige som filmnasjon må vi gå ei ny ordning. På Island får produksjonsselskapa att 25 prosent av dei pengane dei legg att, slik burde vi hatt det i Noreg, seier han.

Har fått meirsmak

Kim Andre Jøringbø frå Leikanger og Anna Øygard Henriksen frå Fjærland er to av statistane som deltek under innspelinga. Henriksen var også med under innspelinga av filmen «Dukken i taket» i fjor haust.

– Det var utruleg kjekt i fjor, og eg ser at mange av dei same statistane som var med då er med i år også. Det er skikkeleg moro, fortel ho.

For Jøringbø er de fyrste gongen han er statist, men han trur ikkje det blir den siste.

– Eg har fått meirsmak på å vere statist. Det er ikkje akkurat slik at ein kan velje og vrake her i fylket, så ein må vel austover, seier han.

Statistar

ROSAR LOKALMILJØET: Ansvarleg for statistane, Alice Eide Sund (i midten) er glad for at Anna Øygard Henriksen og Kim Andre Jøringbø er med som statistar i filmen.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

Takkar jungeltelegrafen

Alice Eide Sund er ansvarleg for alle statistane, og ho takkar lokalmiljøet for at så mange har møtt fram.

– Eg hadde 27 namn og nummer på blokka mi, men det dukka stadig vekk opp nye folk som vil vere med, seier ho.

Kan det bli for mange statistar?

– Absolutt ikkje!

Henriksen er ikkje i tvil om kva oppgåvene hennar er under innspelinga.

– Det er å gjere det eg får beskjed om, seier ho.