Hopp til innhold

Ferjetilsett fekk hovudskader etter grunnstøyting

Vel halvannan time etter grunnstøyten greidde ambulansepersonell endeleg å ta seg om bord i MF Gulen. Ei kvinne fekk lettare skader.

ENDELEG I HAMN: Ein person vart skada og frakta til legevakta då MF Gulen gjekk på land ved ferjekaia Mannheller i Sogndal. (Video: Christian Blom/NRK)

Meldinga om at ei ferje hadde gått på land ved Mannheller i Sogndal kom klokka 20.42. Alle naudetatar rykte ut til staden.

Ti passasjerar og eit mannskap på seks var om bord i ferja. Ein kvinneleg tilsett fekk skadar og blødde frå hovudet. Kvinna vart sendt til lege i Sogndal med lettare skader, men vart sendt heim. Det var òg nokre skadar på ein bil.

Torsdag morgon seier vakthavande i Fjord1, Tor Vidar Kittang, at det ikkje vert sett inn ei ny ferje i dag. Dermed går det berre ei ferje på sambandet heile nyttårsaftan. Kittang trur ikkje dette vil medføre kapasitetsproblem og seier håpet er å få på plass ei ferje nummer to fredag.

Person hoppa i land

Ferja fekk etter mykje om og men lagt til kai i Kaupanger. Det skal etter det NRK kjenner til vere eit hol i skroget på 20x40 centimeter. Regionleiar i Fjord1, Tor Kristoffersen, seier dei skal sjå på skadene torsdag.

– Vi vil ha dykkar nede no i føremiddag. Først då vil vi sjå omfanget. Men det er naturleg å tru at det er skade på propell og ror i og med at ferja har vore oppe i steinar, seier han til NRK torsdag morgon.

(Artikkelen held fram under biletet)

Full utrykking til grunnstøyting

GRUNNSTØYTTE: Alle naudetatane rykte ut då meldinga kom.

Foto: Christian Blom / NRK

Det var sterk vind i området og etter samanstøyten var det berre ein propell på ferja som fungerte. Fleire ambulansar og brannvesen stod lenge klare til å ta imot mannskap og passasjerar.

Ein person hoppa i land etter at grunnstøyten, men det er usikker om dette har samanheng med at det var panikk om bord.

– Personen som hoppa i land vart teken hand om. Det er dramatisk når ferja går på land på den måten, så eg forstår at folk blir urolege i ein slik situasjon. Men alle detaljane kjenner eg ikkje, seier Kristoffersen.

Vanskar med å kome til land

Den andre ferja skal ha jobba lenge med å få dytta Gulen inntil ferjelemmen.

– Ferja har nettopp lagt til kai og politiet er om bord. Vi har fått personalia på alle, mannskapet blir avhøyrt no. Helsepersonell har undersøkt alle passasjerane og alt er i orden med dei, sa operasjonsleiar Espen Gulliksen klokka 22.40 onsdag.

Førebels ukjend årsak

Årsaka til grunnstøytinga er framleis ukjend torsdag, ifølgje Kristoffersen.

Ferja var ute på sin siste avgang for kvelden då uhellet skjedde. Ferje nummer to, Lifjord, skulle etter planen gå som vanleg utover kvelden.

Men klokka 22.25 kom meldinga om at ferjesambandet Mannheller-Fodnes er mellombels stengt. Årsaka var at Fjord1 trong Lifjord for å få Gulen inn til kai i Kaupanger. Klokka 23.18 vart ferjesambandet opna att.

Laster Twitter-innhold
Ambulansepersonell ventar på å få kome ombord i MF Gulen

MÅTTE VENTE: Ambulansepersonell ventar på å få kome om bord i MF Gulen, som sleit med å leggje til kai på grunn av sterk vind og problem med den eine propellen.

Foto: Christian Blom / NRK
Ferje på land i Sogndal