Hopp til innhold

Motorhavari gjer at ferjesamband er ute av drift

Bilferja «Sunnfjord» fekk fredag føremiddag motorhavari, og dermed går det for tida ikkje ferje på sambandet Rutledal-Rysjedalsvika-Krakhella.

Bilferja Sunnfjord under slep

UNDER SLEP: Bilferja Sunnfjord blir slepa til land.

Foto: NRK-tipsar

Terje Stub i Fjord1 seier det førebels er vanskeleg å seie når dei kan få sett inn ei erstatningsferje.

– I mellomtida har vi sett inn MS «Solund» til å ta seg av passasjertrafikken. Den fylgjer same rutetidene som ferja elles ville ha gått i.

– Når reknar de med at de kan ha ei ferje på plass?

– Vi er redd for at det kan gå nokre timar - klokka kan bli 19 eller 20 i kveld.

Den siste veka har det vore fleire tilfelle der ferja på denne strekninga har vore mellombels ute av drift.

SISTE: Feilen på bilferja «Sunnfjord» er ikkje verre enn at ferja kan gå innatt i sambandet frå klokka 16.25.