Hopp til innhold

Fekk femtito nye fjørkledde vener på ein dag!

I Breim barnehage i Gloppen er det ikkje berre ungar å halde styr på. Dei har nemleg eit heilt hønseri, og no har ein skokk med nye høns og to hanar flytta inn.

Breim barnehage i Gloppen har fått 50 nye høns.

– Dei er litt spente på meg, seier Margrete Strand på fem år.

Barnehagen har fått ein leveranse av dei sjeldne frå bonden Tore Villanger. Med seg hadde han nemleg ein heil flokk med femti høner og to hanar. Dei har no flytta inn i eit eiget hønseri i barnehagen.

Margrete i barnehagen

SPENT: Margrete Strand på fem år synst det var kjekt å få høner i barnehagen.

Foto: Hibba Sarmadawy / NRK

Og det er nok ikkje berre hønene som er spente på å møte Margrete – ho er nok kanskje enno meir spent på å møte dei fjørkledde.

– Flott flokk, fin flokk, smiler ho når ho kjem inn døra og tek hønene i nærmare augesyn.

  • SJÅ VIDEO ØVST I SAKA!

Lærer å lokke hønene

Utanfor sjølve barnehagen har ungane ein bugnande grønnsaksåker kor ungane kan hente opp gulrot, neper og alt mogleg slags grønt. Det blir til mat til dei fjørkledde.

– Det er kjempegøy å mate nokre høner, det liker eg veldig godt. Det er flott, fint og gøy. Eg liker å plukke mat til dei og å bli kjent med dei, seier femåringen.

Også Aurora Torheim Frøystad på fem år synst det er kjekt å få vere med inn i hønseriet og gi mat til hønene.

Aurora og hønene

GIR DEI MAT: Ei av oppgåva til barna i barnehagen er å mate hønene. Aurora Torheim Frøystad på fem år fekk gjere det da hønene nettopp hadde kome til barnehagen.

Foto: Hibba Sarmadawy / NRK

Dei har alle lært korleis dei skal lokke hønene med mat med nokre enkle ord.

– Når me matar dei, seier me "kom da, kom da". Viss dei kjem, så kan me gi dei mat, seier Aurora roleg medan ho prøver å gi eit salatblad til nokre av dei brune hønene.

Kva seier hønene når dei får mat?

– Dei seier kykeliky etter at eg har gitt dei mat. Det er fint å ha høner i barnehagen sånn at hønene kan seie kykeliky til hanane, seier Aurora og ler.

... Men litt skummelt kan det bli

Det er viktig å vere forsiktig når ein skal vere saman med alle fuglane. Av og til kan nemleg hønene vere litt hissige. Da må ein vere på vakt, sjølv om det som regel går greitt til slutt.

Hanekamp

HANEKAMP: Nokon gongar er det viktig å vise kven som er sjefen.

Foto: Hibba Sarmadawy / NRK

– Hønene blir litt sinte av og til, dei blir litt kranglete. Men det blir snille igjen. Og vi må vere litt forsiktig med hanane, fortel Margrete.

Ein av hanane bit seg litt fast i ei av hønene, og det blir plutseleg leven i hønseriet. Men barnehagelæraren forklarar for ungane at hanen berre gjer det for å vise at det er han som er sjefen.

– Hanen skal vere der for at hønene skal vere snille med kvarandre, trur Margrete.

Blir kjent med naturen og dyra

Å mate dei femti hønene er litt av ein jobb. Men det er ikkje det einaste barna må gjere for å stelle husdyra. Dei må også plukke egg som dei pakkar i kartongar, som kven som helst kan kjøpe.

Ein gong i veka er det nemleg eggeutsal i barnehagen, kor barna får selje egga dei har plukka.

Anette Støyva

EGGPRODUKSJON: Styrar i Breim barnehage, Anette Støyva, viser fram kartongen med egg som barna pleier å selje.

Foto: Hibba Sarmadawy / NRK

Styraren i barnehagen, Anette Støyva, synst det er viktig at ungane får lære seg om dyr og om naturen.

– Det betyr mykje for ungane. Dei får kjennskap til dyr og natur, dei får lære ved å gjere, og dei får oppleve meistring, forklarar Støyva.