Hopp til innhold

Fekk sleng på hengar - trefte møtande vogntog

Ein person vart sitjande fastklemd i ei ulykke mellom eit vogntog og ein semitrailer ved Borlaug på riksveg 52 i Lærdal.

Trafikkulykke, Riksvei 52.

SAT FASTKLEMD: Mannen i 40-åra er send til sjukehus med helikopter.

Foto: Knut Bjørnar dale

Politiet fekk klokka 12:32 melding om ulykka like ved Borlaug på riksveg 52 i Lærdal.

– Den skadde er frakta bort i helikopter, opplyser operasjonsleiar Einar Vereide til NRK.no.

Mannen blei sendt med luftambulanse til Haukeland, og han skal vere lettare skadd. Han er i 40-åra, og sat fastklemd i køyretøyet i nesten éin time.

– Det ser ut for at tilhengaren på vogntoget har fått sleng og treft trekkvogna på ein møtande semitrailer, seier Vereide.

Den skadde mannen sat i førarhuset på den russisk-registrerte semitraileren som vart treft av tilhengaren. Sjåføren av det svensk-registrerte vogntoget skal vere uskadd. Begge sjåførane er utlendingar. Den skadde mannen er russisk og var på veg til heimlandet med eit lass fersk fisk.

Helse, brann, politi og bilberging blei sende til staden. Vegen har vore stengd, men er no open for manuell dirigering i det eine køyrefeltet.

Kollisjon ved Borlaug i Lærdal
Foto: Knut Bjørnar Dale