Hopp til innhold

Fekk bilen spraya full av pulver

Øyvind Færøyvik tok gjerningsmannen på fersk gjerning då han spraya bilen hans full av pulver frå eit pulverapparat. – Det er heilt uforståeleg at folk kan gjere slikt, seier han.

hærverk på bil florø

BLEI FORBANNA: Øyvind Færøyvik seier han kunne forstått ein desperat rusmisbrukar som stal for å få pengar, men ikkje at folk vel å gjere slikt berre for moro.

Foto: Privat

Natt til laurdag vart både Færøyvik sin bil samt naboen sin, utsett for hærverk i Florø. Dagen etter la han rasande ut ei melding på Facebook som lova ut ein dusør til den som kunne få gjerningsmannen til å melde seg. Statusen har blitt delt av over 600 andre.

– Ein blir jo rasande, seier Færøyvik.

Spraya heile bilen

Han var oppe med sonen sin som hadde hatt mareritt då han høyrde romstering ute på tunet. Då han såg ut vindauget såg han ein mann gå der med eit brannsløkkingsapparat i handa.

Då Færøyvik kom ut sprang mannen av garde, og det vart raskt oppdaga at bilen hans var spraya med brannsløkkingsapparat på innsida.

Facebook Øyvind færøyvik bilhærverk
Foto: Facebook/skjermdump

– Eg gjekk jo berre i undertøyet, så eg ikkje kunne ikkje springe etter. Eg ringde politiet, men der fekk eg beskjed om at dei ikkje hadde ressursar til å sende patrulje. I staden spurte dei meg om eg hadde ein ekstra bil som eg kunne køyre rundt i for å halde eit auge med mannen, fortel Færøyvik som vart skuffa over politiet si handtering av saka.

For det var ikkje berre hans bil som vart usett for hærverk. Også den multihandikappa naboen sin bil vart utsett. Her vart resultatet ei knust rute i tillegg til at sida var sparka inn. Færøyvik veit ikkje korleis gjerningsmannen har teke seg inn i bilen hans, men seier at den var låst.

Håpar gjerningsmannen melder seg

Ingenting vart stole i bilen, noko som gjer det endå meir uforståeleg for Færøyvik at nokon kan gjere slikt.

– Det er store verdiar det er snakk om. Eg veit ikkje endå kor mykje, men nokon seier at alle delar må takast ut og reinsast, medan andre seier at det er ein kondemneringssak. Og då vert det i alle fall dyrt. Bilen er jo ganske ny, seier han.

At han valde å leggje ut ei melding på Facebook med skildring av gjerningsmannen var i håp om at nokon visste noko.

– Eg håpte at dei då ville gi beskjed til meg eller få vedkommande til å ta fornuft, seier han.

Færøyvik skriv at han vil trekkje politimeldinga dersom vedkommande melder seg og tek ansvar.

Fleire hærverk og innbrot

Desse to hærverka er ikkje det einaste som har skjedd i Florø i påska. Same natt som Færøyvik opplevde hærverk på bilen vart det meldt om hærverk på inngangsdører ein butikk på Evja. Natt til andre påskedag vart det også gjort innbrot i ein matbutikk i Florø. I tillegg har fleire andre bilar blitt utsett for hærverk elles i fylket.

Politiet ønskjer av tryggingsmessige årsaker ikkje å fortelje om det var ein patrulje i Florø natt til laurdag. Men operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt Olaug Holme seier ho forstår frustrasjonen når politiet vel å ikkje rykkje ut.

– Det har vi full forståing for, det er jo snakk om eigedomane deira, men vi må dessverre prioritere, alt etter kva som skjer elles og kor patruljane er til ulike tider. Vi kan ikkje vere på alle stader til ei kvar tid.

Ser ikkje vekk frå samanheng

At politiet bad Færøyvik om sjølv å følgje etter gjerningsmannen er ikkje ein uvanleg ting å spørje om for politiet.

– Det er ofte at ein ber folk om å halde auga opne, seier Holme.

Operasjonsleiar Inge Værøy seier til NRK måndag at dei ikkje kan sjå vekk frå at det er ein samanheng mellom innbrotet natt til måndag og hærverka tidlegare i påska. Men han kan ikkje seie noko meir om dette på noverande tidspunkt. Sakene som er meld til politiet vil bli etterforska etter påske.