Hopp til innhold

Truga folk på utestad med kniv - må betale 9000 kroner i bot

Ein mann i slutten av 20-åra må betale 9000 kroner i bot etter at han truga fleire andre personar med kniv.

Det var natt til måndag at fleire gjestar og beteninga ved ein serveringsstad i Måløy opplevde mannen som trugande.

– I løpet av kvelden drog mannen fram ein kniv, og dei andre i lokalet opplevde situasjonen som trugande og tok kontakt med politiet, seier lensmann i Vågsøy, Tormod Hvattum til NRK.no.

– Ei alvorleg hending

Lensmannen seier politiet ser alvorleg på hendinga.

– Det er ulovleg å bere kniv på offentleg stad, og det å dra fram ein kniv når du er rusa på ein utestad, det er ei alvorleg hending, seier Hvattum.

Mannen må no betale 9000 kroner i bot fordi han bar kniv på offentleg stad og nytta denne til å truge andre.

– Hugsar ikkje kva som skjedde

Politiet fekk melding om hendinga ved 00.30-tida natt til måndag. Politiet kom raskt til staden og tok med seg mannen. Han var tydeleg rusa, fortel Hvattum.

Mannen vart sett i drukkenskapsarresten og var måndag til avhøyr. Hvattum seier mannen har forklart at han ikkje har for vane å gå rundt med kniv. Men denne kvelden fekk han på ein eller annan måte ein foldekniv av ein annan person.

– Han har forklart at han møtte ein person som han ikkje kjente frå før, og at denne personen hadde ein kniv. På ein eller annan måte har han overteke denne kniven.

Kva som skjedde inne på serveringsstaden har mannen ikkje noko god forklaring på. I avhøyr har han sagt at han ikkje hugsar kva som skjedde.

Mannen i 20-åra skal ikkje vere frå fylket, og har tidlegare vore i kontakt med politiet.