Hopp til innhold

Feirar ti år som ordførar - han gler seg til jobben kvar einaste dag

I desse dagar har Arve Helle vore ordførar i Fjaler i ti år – ein jobb han har med seg døgnet rundt.

Arve Helle

TI ÅR: Arve Helle (Ap) har så langt hatt ti kjekke år som ordførar i Fjaler.

Foto: Johan Moen/Skjermdump frå Facebook

– Det har vore fantastisk så langt og eg har gledd meg til å gå på jobb nesten kvar einaste dag desse ti åra, seier han.

Han var berre 32 år då han blei ordførar for Arbeidarpartiet i 2003. No er han inne i sin tredje periode som ordførar.

– Eg hadde eigentleg 10-årsdag på måndag, men kom ikkje på det før i går. Då la eg ut ei melding om det på Facebook, fortel han.

Er ein livsstil

Då han blei ordførar i Fjaler var han den yngste nokosinne som hadde fått det vervet i kommunen.

– Eg var ganske ung då eg blei valt. Eg var den yngste som hadde blitt ordførar i Fjaler, men det har vore yngre enn det andre stader i landet.

Helle seier at det å vere ordførar er ein livsstil. Det er ingen åtte til halv fire-jobb han har.

– Dette er noko eg har med meg døgnet rundt. Eg kan ikkje på noko tidspunkt «påberope» meg å vere privatperson. Det kan sjølvsagt vere slitsamt i periodar. Når eg skal på butikken og av og til har dårleg tid, er det ofte mange som vil prate. Men det er ein del av det av å vere ordførar og stort sett berre hyggeleg.

Opp- og nedturar

Ti år som ordførar har ført meg seg både opp- og nedturar. Han er klar på kva dei største sakene har vore.

– Den største oppturen er nok Dalsfjordsambandet som vi lukkast med. Det er også stort at vi fekk til avtalen med Statoil om industriområde på Lutelandet. Men eg har hatt mange oppturar, møtt mange trivelege folk og har hatt kjekke saker å jobbe med.

– Det har sjølvsagt vore ein og annan nedtur også, men det er ikkje det eg har brukt mest tid på.

Ser mange utfordringar framover

Fjaler er ein liten kommune med i underkant av 2900 innbyggjarar. Helle trur det blir mange utfordringar framover.

– Vi må heile tida jobbe for å få vekst i folketalet og stoppe den nedgangen mange opplever. Eg trur også kommuneøkonomien blir ei stor utfordring framover. Eg ventar spent på regjeringserklæringa og kva den seier om kommunesamanslåing. Dette må vi ta tak i og vere i forkant, seier han.

– Krev heilhjarta motivasjon

Før han tok til som ordførar var han journalist i avisa Firda og konsulent i Sogn og Fjordane fotballkrets. Han har også vore politisk sekretær i Fiskeridepartementet.

Om to år er den tredje perioden hans over. Han kallar seg ein halvstudert røvar med to år på høgskule.

– Kva gjer du etterpå om du ikkje får eller vil halde fram som ordførar?

– Denne jobben krev ein heilhjarta motivasjon, men førebels har eg ikkje planar om å gi meg. Skulle eg likevel bestemme meg for å ikkje stille til gjenval eller at veljarane ikkje vil ha meg, får eg finne meg eit ærleg arbeid. Den tid den sorg.

– Kjenner alle i Fjaler Arve Helle?

– Eg trur ikkje det er så langt ifrå. Eg kjenner i alle fall dei aller fleste av innbyggjarane mine, seier han.

Fotball og trim på fritida

Utanom jobben som ordførar prøver 42-åringen å halde seg i form. I tillegg er han over snittet fotballinteressert.

– Det er vel kort oppsummert det eg driv på med utanom jobben som ordførar, ler han.