Hopp til innhold

Feilfri skyting av Tarjei, men for sakte i sporet til pallplass

Tarjei Bø frå Stryn skaut feilfritt på sprinten i verdscuprennet i Hochfilzen i dag, men farten i sporet var ikkje høg nok til å gå til topps.

Tarjei Bø

TAKTISK: Tarjei Bø droppar fleire renn før jul for å vere best mogleg rusta til OL i Sotsji. Men i dag går han i Hochfilzen.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

I mål var Tarjei 17 sekund bak Lars Berger, som hadde to strafferundar. Berger gjekk eit veldig sterkt langrenn og vann rennet framfor Martin Fourcade, som hadde ein strafferunde.

Det enda med fjerdeplass for Tarjei Bø. Også Ole Einar Bjørndalen sneik seg framom, med ein strafferunde. Etter løpet sa Bø til NRK Sporten at han brukte litt ekstra tid på skytinga.

– Eg trøbla med skytinga i Östersund, og difor ville eg bruke litt tid på standplass. Det var enkelt på liggande, eg måtte kjempe meir i blåsten på ståande, men blinkane gjekk ned, og det var deilig. Eg manglar litt i løypa.

Broren, Johannes Thingnes Bø, er ikkje med på det norske laget i dag. Han skal i staden gå renna i Le Grand Bornand 9.-15. desember. i Östersund var han beste nordmann med niandeplass på sprinten.

Flatland skaut seg vekk

Med start nummer 48 på brystet skulle Ann Kristin Aafedt Flatland i dag prøve å gjenta suksessen frå Östersund.

Og det starta lovande med fullt hus på liggande, men på ståande vart det tre bom. Heller ikkje i løypa fekk ho det til som på det beste, og 31-åringen frå Vik enda heilt nede på 41. plass.

– Jeg syntest det gjekk tungt på ski, og så fekk eg det ikkje til på stående, sa Flatland til NRK Sporten etter løpet.

Ho var 1.29.7 bak vinnaren, Selina Gasparin frå Sveits. Tora Berger vart beste norske på fjerdeplass.