Hopp til innhold

Får russisk motstand i europacupen

– Eit av dei tøffaste laga vi kunne trekt, seier dagleg leiar Tor Kristian Kvammen om Førde VBK sin motstand i 2. runde av europacupen i volleyball.

Førde jublar for seriegullet 2013

VANSKELEG: Volleyballspelarane til Førde får ei tøff oppgåve om dei vil vidare til 16.-delsfinalen i Europacupen.

Foto: Rune Fossum / NRK

Dei regjerande seriemeistrane trekte i dag russiske Fakel Novy Urengoy som motstandar i europacupen.

Førde får heimebane i første av to oppgjer. Begge kampane går truleg som midtvekekampar i november. Om sjansane er små for avansement, ser dagleg leiar Tor Kristian Kvammen fram til ein festkveld i Førdehuset.

– Fest skal det bli i Førdehuset uansett. Det er sjeldan det kjem så pass gode lag til Førdehuset, så denne sjansen må vi ta vare på, seier dagleg leiar, Tor Kristian Kvammen.

Beste motstand nokosinne

Trenarane Ivar Bakken og Frank Kalstad.

HARDT: Nyborg-trenar Ivar Bakken spår ein knallhard kamp for Førde.

Foto: Oddleif Løset/NRK

Fakel Novy Urengoy er eit relativt ukjent lag for Kvammen, men han er ikkje i tvil om at Førde står føre si største utfordring nokosinne i november.

I fjor var det finske Etta Oulu som sendte Førde ut av europacupen. I 2008 heitte motstandaren MOK Zagreb.

– Eg trur nok laget vi møter i haust er nokre hakk over der igjen. Russiske lag held generelt høgt nivå, og det var eit russisk lag som vann europacupen i fjor, vedgår Kvammen.

Går til erkerivalen

Fakel Novy Urengoy tok tredjeplass i den russiske superligaen i 2009. I spelarstallen er mellom andre liberoen Aleksandr Sokolov, som i fjor tok OL-gull med det russiske landslaget.

– Korleis går de no fram for å få meir informasjon om russarane?

– Nyborg trekte Ural i fjor og har nok gjort seg nokre erfaringar der borte, så ein telefon til trenar Ivar Bakken lyt det nok bli. Så finst det mykje videoar på nettet, seier Kvammen.

– Høgt, hardt og brutalt

Erkerival Nyborg er på si side sett opp mot kviterussiske Kommunalnik Grodno. Ei trekning Bakken ser på som vanskeleg. Han deler gjerne sine erfaringar med Førde.

– Eg skal ikkje halde noko hemmeleg, men eg veit ikkje anna enn at Førde får ein veldig tøff motstand. Den russiske ligaen byrjar å bli verdas beste, så dette blir ikkje lett, seier han.

– Kva som ventar Førde sportsleg?

– Det er kort og godt høgt, hardt og brutalt. Ikkje noko særleg tregt spel. Russiske klubbar held høgt nivå. Dei hentar inn gode spelarar frå dei beste klubbane og betalar godt.

– Klare underdogs

Skulle Førde ta seg vidare til 16.-delsfinalen, ventar vinnaren av kypriotiske Nea Salamina Famagusta, eller vinnaren i 1. rundekampen mellom Gorter Kecskemeti (Ungarn) og Mladost Brcko (Bosnia-Hercegovina).

– Håp er det alltid. Vi skal spele to kampar, og det er ikkje umogleg å gå vidare. Men vi er nok veldig klare underdogs i ein kamp mot eit russisk topplag. Norsk og russisk volleyball er nesten ikkje samanliknbart, avsluttar Kvammen.