Hopp til innhold

Unngår permitteringar - men får berre jobbe fire dagar i veka

Tilsette i verksemda Vik-Ørsta får frå nyttår ein meir eller mindre ufrivillig fridag i veka. Årsaka er lite arbeid for verksemda den komande perioden.

Vik Ørsta

KUTT: Tilsette i verksemda Vik-Ørsta får kortare arbeidsveker frå nyttår. I staden for å permittere nokre tilsette har leiinga og tillitsvalde blitt samde om at alle tilsette kuttar ein arbeidsdag i veka.

Foto: Arve Uglum / NRK

– I staden for å permittere eit fåtal tilsette, så tek vi ein dugnad der dei tilsette jobbar firedagarsveker i første kvartal, fortel direktør i verksemda, Kjetil Nesset.

Verksemda produserer trafikksikringsprodukt som midtdelarar, brurekkverk og autovern og har avdelingar både i Vik i Sogn og i Ørsta.

Trur på betre tider til våren

Ifølgje direktøren er det vanleg med lågare ordretilgang i første kvartal, og verksemda er vande med store sesongsvingingar. Ved inngangen til 2014 kom verksemda med ei gladmelding, om at ein ville satse over 20 millionar kroner til å utvikle produksjonen.

Selskapet kunne då ikkje love nye arbeidsplassar, og no må dei tilsette kutte ned på arbeidstida.

– Vi har nettopp avslutta store leveransar til Sverige, og har levert for over 100 millionar kroner dei siste tre åra. Det er få prosjekt som skal starte opp no, men i andre og tredje kvartal har vi ordrar, seier direktøren.

Selskapet med 300 tilsette totalt, 90 av desse i Vik, har vore i vekst dei siste åra, og hadde i 2012 driftsinntekter på over 600 millionar kroner. Fleire gonger dei siste åra har tilsette i verksemda likevel vore truga av kutt.

– Vi held fram med firedagarsveke så lenge det er nødvendig. Vi bygger opp eit godt lager av standardvarer, og trur det vil sikre sysselsettinga, seier Nesset.