Hopp til innhold

Fantastisk festivaldag i Førde

Førdefestivalen sette sitt preg på Førde laurdag med festivalfrukost og opptog i sentrum. – Ein fantastisk start på dagen, seier kommunikasjonssjef Torill Faleide.

Med godt og varmt sommarvêr heilt frå morgonen av strøymde folk til Førde sentrum, så mange til festivalfrukosten at arrangørane nesten vart tekne på senga.

– Eg trur det var om lag dobbelt så mange som var på frukost i år som i fjor. Dermed vart det litt kø for å få mat, men eg har inntrykk av at folk hadde stor forståing for at dei måtte vente litt, seier Faleide.

Opptog Førdefestivalen

MYKJE FOLK: Mange møtte opp for å sjå opptoget.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Eventyrleg heldige

Ho prisar det gode vêret som gjer alt så mykje lettare og gjer opplevinga større for både artistar og publikum.

– Vi har vore eventyrleg heldige.

Sjå video av opptoget:

festival

førdefestivalen

(Artikkelen held fram under biletet)

Frikar-feber

Opptoget samla også mykje folk, og Torill Faleide er svært nøgd med oppslutnaden om konsertane så langt.

– I går kveld var det rundt 2000 som såg og høyrde på dansen og musikken til Frikar, vi måtte stanse billettsalet, sjølv friviljuge i Førdefestivalen kjøpte billettar, så vi kan snakka om ein Frikar-feber.

Også på opningskonserten torsdag var det mykje folk, Torill Faleide trur det var mellom 1500 og 1700.

Frikar

FRIKAR-FEBER: Rundt 2000 såg på Hallgrim Hansegård og dei andre i Frikar.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Sjå video av Silje Guddal som går inn på gallakonserten i sommaråpent.

NRK kuppar gallakonserten

Gallakonsert