Hopp til innhold

Legg vekk brannen i oppdrettsanlegg

119.000 oppdrettslaks rømde og både eigarar og politiet skjøna lite av korleis brannen starta i merden. No er saka lagt vekk.

Brann hos Firda Sjøfarmer

LAGT VEKK: Politiet kjem ikkje noko nærare ei årsak til brannen i merden, enn at det må vere elektrisk. No blir saka lagt vekk.

Foto: Carl-Erik Arnesen

Sidan brannen har politiet vore to gonger på åstaden og Kripos har analysert fleire meter med leidningar.

Men noko svar på kvifor merden byrja å brenne 2. april i år, har ikkje politiet fått.

– Vi meinte det var noko i det elektriske anlegget, men noko nærare enn det har vi ikkje komme, seier Roar Brudevoll ved Gulen, Solund og Masfjorden lensmannskontor.

119.000 laks rømde

No har Hordaland politidistrikt følgt innstillinga frå lensmannskontoret, og lagt vekk saka.

Brannen vart oppdaga då tilsette kom på jobb om morgonen 2. april. I alt 119.000 oppdrettslaks rømde. Det tilsvara kring 68 prosent av fisken som stod i merden.

– Det er ikkje så veldig mykje brennbart på ei merd midt ute på fjorden, så det må ha vore ein gneiste eller noko som kan ha sett fyr på oppdrettsringen. Så har det brunne i heile natt, sa administrerande direktør Carl-Erik Arnesen hos Firda Sjøfarmer til NRK.no etter brannen.

Lite brennbart

– Det er ikkje så veldig mykje brennbart på ei merd midt ute på fjorden, så det må ha vore ein gneiste eller noko som kan ha sett fyr på oppdrettsringen, sa Arnesen.

Men politiet har ikkje funne indikasjon på at nokon har tent på merden, eller at det er tale om sjølvtenning. Delar og metervis med leidningar har vore analysert av Kripos.

– Vi har gjort ei omfattande og grundig etterforsking, utan å finne svar. Vi har heller ikkje fått innspel som vi har kunne gå vidare med, seier Brudevoll.