Hopp til innhold

Færre sprang Eggenipa Opp

39 personar deltok i konkurranseklassa på motbakkeløpet.

Øystein Sylta

BRATT: Øystein Sylta vann i herreklassen på tida 48.28.

Foto: Helge Fuglseth

- Det vart eit vellukka løp, sjølv om det ikkje var den heilt store deltakinga, seier Olav S. Egge i Breimsbygda idrettslag som arrangerer Eggenipa Opp.

39 deltok

Det var 39 i konkurranseklassa. Det er litt lågare deltaking enn det som har vore vanleg på løpet.

- Det er vanskeleg å seie kvifor det var færre som ville delta i år. 20 stykker var påmelde seint laurdag kveld, mot 40 på same tid i fjor, fortel Egge.

Han trur noko av forklaringa kan vere at det er mykje som skjeri helgene.

- Det er mange løp og det kan bli tøft å springe to løp ei helg.

Gode tilbakemeldingar

Det var det niande Eggenipa Opp so mvart arrangert i helga, og Egge seier konkurransen om å trekkje folk til løpa var lettare då dei starta opp.

- Vi starta med dette fordi vi har dette vakre fjellet her og vi fann ut at det måtte vere ideelt å arrangere eit løp opp til toppen. Tilbakemeldingane frå deltakarane er gode. Då er det kjekt å arrangere.

Sjølv om Egge seier dei godt kunne hatt fleire deltakarar i år, vil dei ikkje at arrangementet skal bli for stort.

Merete Helgheim

VANN: Merete Helgheim sprang opp på tida 63.17 og vann i kvinneklassa.

Foto: Helge Fuglseth

Sylta vann herreklassen

- Det trur eg ville blitt kaos. Det er bratt oppover og mykje stein. Mange folk oppover samstundes kan føre til at steinane losnar mellom anna.

Øystein Sylta vann i herreklassen. Han hadde leiinga frå start til mål.

- Eg snakka med han etter løpet og han synest det var i brattaste laget. Men han kom inn eit minutt bak løyperekorden likeel på 48.28

Lokal vinnar i kvinneklassen

Merete Helgheim sprang opp på tida 63.17 og vann i kvinneklassa.

- Ho har vunne tre gonger før, og det er kjekt at lokale folk kan vinne.