Hopp til innhold

Eventyraren Ragnar Thorseth tilbake der det heile starta

Ragnar Thorseth rodde til Shetland som 21-åring. Han har overvintra saman med isbjørnar på Svalbard. Fredag var eventyraren tilbake der han i 1969 la ut i ein liten robåt - i Måløy.

Olav Lie Gundersen og Ragnar Thorseth

BOKTURNÉ: Forfattar Olav Lie Gundersen og Ragnar Thorseth i Måløy.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

– Eg synest det var mest naturlig at eg starta her i Måløy. Det var her eg starta eventyret då eg rodde ein open 14,5 fots færing frå Måløy til Lerwick på Shetland, seier Thorseth.

Dermed vart Vågsøy første stopp når Torseth no skal land og strand rundt for å signere si nye bok i julerushet. Boka handlar om Thorseth sin barndom og hans ekspedisjoner rundt om i verda.

Rodde frå Måløy

Eventyrferdene til Thorseth starta med ein rotur frå Måløy i 1969. Sunnmøringen som kallar seg oppdagelsesreisande og forfattar, kom i 1968 til Måløy der han først som jobba lærar og seinare som journalist i lokalavisa. Opphaldet varte i tre år og resulterte i giftarmål med Vågsøy-jenta Kari. Saman fekk dei gutane Eirik og Njål.

Seinare har han blant mykje anna segla jorda rundt i vikingskip, og han var første nordmann som nådde Nordpolen på snøscooter 30. april 1982.

Kjøpte båt til 350 kroner

– Færingen eg rodde med til Shetland betalte eg med pengar eg tjente som 12-13-åring ved å skjære tang i heimbygda Tjørvåg. Ein båtbyggjar på Straumshamn bygde denne 14,5fots færingen som eg betalte 350 kroner for, fortel Thorseth.

NRK møter Thorseth, eller «Ratho» som han gjerne blir kalla, i ein bokhandel i Måløy. Med seg har han forfattaren av boka Den siste vikiking, Olav Lie Gundersen.

«Berre ikkje ein austlending...»

Lie Gundersen skildrar Thorseth som ein uredd mann med klare meiningar. Ein mann som alltid gjer ting på sin eigen måte.

– Eg har i løpet av det siste året i fleire bolkar budd hos Ragnar Thorseth i Aurvåg, og eg føler at eg har kome tett inn på han, seier forfattaren.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Ragnar Torseth

STÅR FRAMLEIS STERKT: Snart 40 år etter at han flytta frå Måløy er Ragnar Thorseth framleis ein ettertrakta mann.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

Kagge Forlag kontakta sjølv Ragnar Thorseth med spørsmål om han kunne skrive sin eigen biografi, noko Ragnar Thorseth svarte kontant nei på.

– Men han opna for at andre kunne skrive biografien. Thorseth sette berre eitt vilkår, at forfattaren ikkje skulle vere austlending, fortel Lie Gundersen.

Med post frå Måløy

I 1998 rodde Thorset til Shetland med «August». ein 21 fots Åfjord båt. Då hadde han med seg ein postsekk frå Måløy postkontor.

I boka kjem Lie Gundersen også inn på barndommen til Thorseth.
– Det var viktig for meg å finne ut korleis ein unggut frå Tjørvåg kunne finne på så mykje rart.

Ifølgje Lie Gundersen var Ragnar Thorseth i 1980-1990-åra over alt, og heile tida med mange ballar i lufta. Han hadde ein stadig driv etter å kome vidare, gjere noko nytt. Thorseth hadde i denne perioden mange av Norges rikaste menn i sin nære krins, og at han under eit møte med Knut Kloster klarte å skaffe seg 30 millionar kroner i ekspedisjonspotten.

Fleire dokumentarfilmar

Det har også vore laga fleire dokumentarfilmar som har vore vist på fjernsyn fra desse ekspedisjonane.

I 2003 spilte han inn tre program i dokumentarserien «Med torsk til Lofoten» saman med sin gode ven Malvin Frisnes.

Skadd i hesteulykke

Helsa til Thorset er redusert etter ei fallulukke han hadde i 2000. Under ein ridetur på ein shetlandshest heime i Aurvåg, fall han av hesten og deisa hovudet mot ein murkant. Men er han framleis aktiv på sjøen når det høver seg.

– Det er ikkje lenge sidan eg kom heim etter ein tur til Grønland, Island og Færøyane med ein 55 fots seglbåt. Eg er framleis aktiv på sjøen. Det er det som er livet for meg, seier Thorseth

Han har gitt ut bøker med tekst og bilete frå alle dei største ekspedisjonene, og sjølv om han i dag på langt nær er like mykje i media, sel han framleis godt.

Nær utseld

I løpet av dei første 20 minuttane i Måløy vart det rive bort 35 bøker.

Førsteopplaget på 3000 bøker er nesten utseld og opplag nummer to er i trykken.
Ein av kundane i dag kjøpte åleine fem bøker som skulle vere julepresang.

39 år etter han forlet byen er Torseth stadig knytt til Vågsøy. I sommarmånadane er er stadig vekk å sjå i Måløy der han besøker gamle vener.

Laurdag går turen vidare til Fosnavåg, Ålesund,Molde og vidare nordover til Kristiansund med Håholmen som endestopp før jul.