Hopp til innhold

Espen (17) såg døden i kvitauget - vart berga av fotballtrenaren

Ein snarrådig trenar berga livet til Tornado Måløy-spelaren Espen Oksholen (17). – Eg oppmodar alle trenarar til å ta førstehjelpskurs, seier den heldige fotballspelaren.

Espen Oksholen

TAKKAR: Espen Oksholen (17) hugsar lite frå dramatikken. – Eg er ufatteleg glad for at dei var der, at resten av laget reagerte raskt, heldt roa og ikkje fekk panikk. At trenarane kan slikt er redda rett og slett livet mitt, seier han.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Det er Fjordenes Tidende som i dag fortel om den dramatiske avslutninga på fotballtreninga i Nordfjordhallen fredag kveld.

Etter ein duell vart Espen Oksholen liggande livlaus att på bana.

– Eg landa på ryggen, slo hovudet og nakken i bakken, svelgde tunga og svima av. Dei fann ikkje puls på meg og frykta at hjartet var slutta å slå, og starta livredding, fortel 17-åringen til NRK.

– Ta førstehjelp

Etter fire repetisjonar fann dei puls att og guten kom til medvit, før turen gjekk til Førde sentralsjukehus. Vågsøyværingen takkar medspelarar og trenaren for livet.

Dei aksjonerte raskt, knekte opp den låste kjeven og fekk opp tunga som blokkerte luftvegen. Så starta dei hjarte- og lungeredning (HLR) til ambulansen kom.

– Det hadde alt å seie, fortel Oksholen som har ei oppmoding til alle trenarar: Ta førstehjelp:

– Dei har ansvar for 10-20-30 ungar, og skjer det noko, og ein ikkje har kompetanse til å gjere noko, så kan det gå gale, seier han og held fram:

– Heldigvis har eg gode trenarar og gode lagkameratar.

– Her er mange heltar

Trenar Ole Erik Sunde skriv under oppmodinga med blokkbokstavar. Han jobbar innan helsestellet i Vågsøy og forstod raskt alvoret.

Ole Erik Sunde

KAN HLR: Ole Erik Sunde (i midten) har bak seg mange år som både spelar og trenar i fotball. – Eg forstod at dette var alvorleg, at det ikkje berre var å få guten på beina att og høyre om det går bra, seier han om duellen.

Foto: Stig Høynes / Haugenfotball.no

– Det er ikkje sikkert vi er like heldige neste gong. Foreldre skal kunne sende borna sine på trening, og vite at vi gjer alt i vår makt for at det skal gå bra om noko skjer, seier han.

– Her var mange heltar som bidrog til at Espen fekk reise til Førde - og komme ut att.

Har ikkje skjønt alvoret

For Oksholen slapp med skrekken.

– Eg trur ikkje at eg har skjønt at det var så nære å gå gale, seier 17-åringen.

Sunde håpar han aldri opplever liknande att.

– Eg var redd for at vi mista guten. Espen såg døden i kvitauget. Eg er så glad for at vi kunne medverke til at det ikkje skjedde, seier han.