Statsminister Erna Solberg kjem på besøk til Florø, Førde og Sogndal

Tysdag 8. april har statsminister Erna Solberg tenkt å tilbringe i Sogn og Fjordane.

Erna Solberg

TIL SOGN OG FJORDANE: Statsminister Erna Solberg legg turen til Florø, Førde og Sogndal 8. april.

Foto: Evert-Jan Daniels / Ap

Fylkessekretær Ingvar Torsvik Myrvollen i Høgre stadfestar overfor Firda.no at statsministeren legg turen til Sogndal, Førde og Florø denne dagen.

– Ho har tysdagar som faste reisedagar, og det har lenge vore på tale med eit besøk i Sogn og Fjordane.

Etter det avisa kjenner til skal Solberg kome til Florø om morgonen 8. april. Der skal ho på verftsbesøk, før turen går til Førde og ingeniørutdanninga der. Opphaldet blir avslutta i Sogndal, der eit besøk på Høgskulen står på programmet.

For JA-ordførar Jon Håkon Odd i Leikanger blei det dagen-derpå, etter at folket sa nei til storkommune i Sogn.
Konkurransetilsynet set foten ned for salet av éin ferjegigant til ein annan. Dei fryktar eit dyrare ferjetilbod om Torghatten får kjøpe opp Fjord1.
Bunadsekspert Bjørg Hovland meiner vi må vere meir opne for å ha ulik bunad, sjølv om den stammar frå same stad.