Hopp til innhold

Familien reinska premiebordet så godt dei kunne

Familien Erdal frå Førde gjorde så reint bord dei kunne under dagens normaldistanse under NM i skifelt. – Det er nesten heilt utruleg, seier pappa Herman.

Karoline, Herman og Ole Martin Erdal.

FULL KLAFF: Med to NM-titlar og eitt NM-sølv, kan ikkje NM Skifelt skildrast som noko anna enn full klaff for familien Erdal frå Førde.

Foto: Privat

Herman Erdal vann seniorklassa med sju minutts til sonen Ole Martin under meisterskapen på Ålandsleite i Stryn.

Herman Erdal med Kongepokalen

TIL TOPPS: Herman Erdal med nok ein Kongepokal i handa.

Foto: Nordbygda-Rand skyttarlag

I kvinneklassa utklassa dottera Karoline konkurrentane.

– Det er heilt topp og godt gjort på ein dag med krevjande forhold, seier ein stolt Erdal senior.

På toppen igjen

Det er andre gang at to blad Erdal stod på toppen av pallen. Men det var første gang i den rekkefølgja.

I fjor var det junior som tukta senior.

Hanna Hoggen Gjærset og Gunn Kristi Tvinnereim
Foto: Nordbygda-Rand skyttarlag

– Eg følte det gjekk rett til «pises» i starten. Vêret gjorde det utfordrande både med tanke på ski og skyteforhold. Glida var dårleg og tidvis sleit eg med å sjå blinkane, fortel Herman som tok sin første NM-tittel i 2005.

Bomma med 50 meter

I sporet var Ole Martin seks minuttar raskare enn senior. Avgjerda fall på ein blink junior vurderte til 430 meter, men som i realiteten var kring 380 meter. Til slutt vart det 15 tilleggsminutt på junior.

– Det var kanskje gammal rutine som slo inn, humrar Herman.

– Litt irriterande at sigeren glipp der. Eg var usikker på om arrangørane hadde laga holdet litt kortare og lettare. Og på slike avstandar så får feilvurderinga litt å seie, seier Ole Martin.

Frå junior-VM til Ålandsleite

Herman Erdal i skisporet

KREVJANDE: Herman Erdal og resten av deltakarane fekk krevjande forhold både i sporet og på standplass under dagens normalprogram.

Foto: Nordbygda-Rand skyttarlag

Både Karoline og Ole Martin er mest kjende som skiskyttarar. I slutten av januar tok Karoline endåtil gull i ungdomsklassa under junior-VM i skiskyting.

Dagens konkurranse vart ein solid opptur for Karoline, som i fjor vann sprinten – og enda sist på normalen.

– Det var veldig artig, men eg var veldig spent på skytinga før start. Det var vanskelege skyteforhold, så det vart berre eitt godkjent hald, fortel ho.

Lysten på revansje

I mål var 18 minuttar føre Heidi Skaug (Isfjorden).

– Ho gjekk raskast og skaut best på det eine haldet. I realiteten kunne det blitt både fleire og færre minuttar med fleire hald, legg pappa Herman til.

Og kjenner seg usikker på om han klarer å følgje opp gulløpet på sprinten søndag.

– Kortare løype, meir fart og ståande skyting. Eg er skeptisk, seier Herman.

Ole Martin trur senior har grunn til å vere skeptisk.

– Det blir revansje i morgon. Det er det ikkje tvil om, humrar han.

– Men vi har tre blad å spele på, så vi får satse på at i alle fall ein av oss når opp. For det er ikkje gitt att nokon av oss gjer det, avsluttar senior og viser til konkurrentar som Trygve Aaland Tryggestad (Sunnylven) og Per Johan Gjølga (Stallvik).