Hopp til innhold

Endeleg slepp dei reise fem timar

To og eit halvt år etter nedlegginga av fødeavdelinga på Nordfjordeid, kan gravide igjen få ultralyd ved sjukehuset.

Tone Holvik-Eriksen

SPARER FEM TIMAR: Tone Holvik-Eriksen frå Måløy er ein av dei som sparer mykje reisetid på at tilbodet om ultralyd er tilbake.

Foto: Silje Guddal / NRK

Overjordmor Linda Grotle Hauge starta tilbodet denne veka.

– Dette er ein skjerm og eit panel med mange tastar på. Dette er liksom Rolls-Royce-en, seier ei stolt jordmor.

– Det har vore eit sakn

Tidlegare var det vanleg at berre gynekologar føretok ultralyd, men gynekologane ved sjukehuset forsvann i lag med fødeavdelinga i 2012. Sidan den gongen har gravide i Nordfjord måtte reise til Førde for undersøking.

Linda Grotle Hauge

NY UTDANNING: Linda Grotle Hauge

Foto: Silje Guddal / NRK

På den gamle fødestova på Nordfjord sjukehus har det kome nytt utstyr, og ei kvinne med ny utdanning. Nesten to og eit halvt år etter at fødeavdelinga vart nedlagt treng difor ikkje gravide lenger å reise til Førde for ultralyd.

Grotle Hauge har teke eitt år vidareutdanning og utfører ultralydane.

– Det er ikkje til å legge skjul på at alt vart mykje meir komplisert etter omlegginga. Nordfjordkvinner har vore vande med eit tilbod på Nordfjordeid. Det var eit sakn.

– Vi slepp å reise så himla langt

For gravide i Nordfjord betyr tilbodet kortare reiseveg. Tone Holvik-Eriksen frå Måløy sparer fem timar. Med ein veksande mage er ho ein av dei første til å nytte tilbodet på Nordfjord sjukehus.

– Det er positivt for dei som brukar det, og spesielt at vi som bur ute i Selje, Måløy, Bremanger slepp å reise så himla langt, seier Eriksen.

I fjor kom det om lag 260 nye Nordfjordingar til verda.

– Vi er no inne i ein fase der vi må finne ut kor stort behovet er. Eg håpar etterspurnaden vil verte større og større, for no har det vorte nokre år der vi ser at fødselstala har hatt ein tendens til å gå nedover, seier Grotle Hauge.